Grøss om ei moderne hulder
Selma Lønning Aarø har for fyrste gong skrive ei grøssarbok for ungdom. Bergtatt er foreløpig det siste tilskotet i Grøss og gru-serien.
Selma Lønning Aarø har skrive grøssaren «Bergtatt» i Grøss og gru-serien med støtte frå Leser søker bok.
Dette er ei uhyggeleg forteljing med ein original vri på gamal folketru. Men Bergtatt er ikkje berre ei mystisk, mørk historie om krefter som ikkje høyrer denne verda til. Det er òg ei historie om seksuell oppvakning, indre fantasiar og ukjent mot ein kan finne i seg sjølv, når ein må.
Leo vil helst bu i byen der han har vakse opp Men så drar mora han med til barndomsheimen sin, langt frå vener og kjente bygater og til ei bygd djupt inni skogen. Her er det ikkje noko å hente for han, tenkjer Leo. Men det endrar seg snart. I klassen går det nemleg ei mørkkledd og mystisk jente, Lilly. Ho søkjer stadig blikket til Leo og han blir heilt oppslukt av henne. Lilly held seg for seg sjølv, sit bak i klassen og snakkar sjeldan med nokon. Likevel trekkast Leo mot henne, som om ho har ei underleg makt over han. Vil ho ha han slik han vil ha henne, eller bruker ho berre Leo? Kven er ho? Kva vil ho med han?
Språket er herleg rett fram og lettfatteleg, Historia drivast fram av spanande scener og gode dialogar. Forfattar Selma Lønning Aarø skildrar eksplisitt ung lengt på sitrande vis: Her får lesaren bli med på ei større reise enn til underverda, kanskje den største reisa av alle: Å finne seg sjølv som ung.
Selma Lønning Aarø har for fyrste gong skrive ei grøssarbok for ungdom. Bergtatt er foreløpig det siste tilskotet i Grøss og gru-serien.
Ordknappen 2020 ble delt ut til åtte forfattere, illustratører og tegneserieskapere. Kristin Ørmen Johnsen åpnet arrangementet.
En litteraturpolitikk for 2020-tallet, støtter, løfter og anerkjenner helheten, sa daglig leder, Monica Helvig i sitt innlegg under Forleggerforeningen sitt jubileumsseminar.