Hopp til innhold

Grøss om ei moderne hulder

Selma Lønning Aarø har skrive fleire bøker for både barn og vaksne, Bergtatt er hennar første grøssar-bok.  Her møter me Leo som blir forelska i Lilly. Lille, vevre Lilly som luktar skog og har eit intenst blikk.

Som lita likte Lønning Aarø grøssarbøker. Ho hadde ei mor og ein bestefar som fortalde historier om nøkken, tussar og troll.  Saman med teikningane til Teodor Kittelsen, var det ein stor del av barndommen hennar. I Bergtatt er det mykje gamla overtru og mytologiske figurar.

Leo vil helst bu i byen der han har vakse opp. Men så drar mora han med til barndomsheimen sin, langt frå vener og kjente bygater og til ei bygd djupt inni skogen. Her er det ikkje noko å hente, tenkjer Leo. Men det endrar seg snart. I klassen går det nemleg ei mørkkledd og mystisk jente, Lilly. Lilly held seg for seg sjølv, sit bak i klassen og snakkar sjeldan med nokon.

Men Lily er ikkje heilt som dei huldrene med kan lese om i eventyra. Lilly er ei moderne hulder som har eit frigjeringsprosjekt. Eigentleg skal ho forføre Leo  inn i berge og ta han med til underverda. Men det er ikkje nok for Lilly. Ho vil meir. Ho vil vere fri.

Han drukna i alt det silkemjuk.
Når ho var så nær han, klarte han ikkje å styra seg.
hendene hans fór over kroppen hennar,
over dei små brysta, nedover korsryggen.
Denne goden stoppa ho han ikkje.
Ho pressa seg mot han, let Leo gjera det han ville.
Han smaug handa inn under skjørtelinninga,
ville stryka henne over baken.
Ville stryka henne overalt.
Men det var noko der.
Det kjennest ut som ein … som ein hale?

Korleis går det med deg i Fredrikstad, Selma? Tenker du at verda er i ferd med å overgå fiksjonen, eller tek du heile covid med knusande ro?
Eg må seia at eg tek covid med knusande ro, men litt kjedelig byrjar det jo å bli.

Så du har ikkje kapitulert heime med Netflix?
Nei, eg ser alltid mykje på Netflix, men rekk å skriva litt likevel. Eg har no alltid heimekontor, så ein veldig stor skilnad frå normalen er det ikkje. Problemet er sjølvsagt at veldig mange andre i husstanden brått har det same. Eg likar godt å vera åleine. Då er skogen eit godt alternativ. Eg går mykje der og blir i grunnen ganske glad (og sprek!) av det.

Korleis  var det å samarbeide med oss på Leser søker bok?
Det var ein flott prosess som gjorde meg meir medviten om språket og mottakaren mens eg skreiv.

Kva høyrer du på når du skriv?
Eg høyrer berre på det som skjer i hovudet mitt. Er det ikkje ein uting å ha på musikk medan ein skriv? Det sa i alle fall mor mi alltid.

Det brenn i huset ditt, kva gjer du?
Ungane, katten og Mac-en må reddast. Er det tid vil eg nok prøva å finne eit antrekk som eg kan gå ei uviss framtid i møte med.

Kva brenn du for?
Eg hatar slik spørsmål og det er nok fordi eg brenn for lite, eller sloknar for raskt

Kva for bok har du anbefalt flest gonger?
Elskeren av Marguerite Duras

Du er med på 4-stjerners middag. Kva serverer du draumegjestane dine? Og blir det underhaldning?
Eg måtte nok hatt mannen min der. Han veit at eg er god på førebuingar, men at når middagsgjestene kjem, då må eg slappa av og nyta selskapet. Han må servera og passa på at gjestene har noko i glaset. Det må vera ein gitar der og det kan godt vera Leonard Cohen sin, og for å halda oss alle nede på jorda ville eg hatt mi gode venninne Ingrid Rosendorf Joys med. Ho er grei så lenge folk gir ho rett.  Underhaldninga skal vera leiken «Gjett kven». Den som er på do, får tildelt ein identitet han må spørja seg fram til og dei andre deltakarane kan berre svara ja og nei.

Bror min Per skal takka for maten og spela songen «Mett til halsen» av den russiske poeten og songaren Vysotskij, oversatt til norsk av Jørn Simen Øverli. Den trur eg Cohen vil lika. Eg serverer nok sjøkreps med aioli, heimelaga brød og kvitvin. Dessert er er ikkje så nøye på.