Hopp til innhold

Linn T. Sunne

Linn T. Sunne har skrive grøssaren «Mareritt» med støtte frå Leser søker bok. Boka er ein del av Grøss og gru-serien for mellomtrinnet.

Mareritt (Samlaget, 2019)

Dette er ei spenningsbok om nytt hus, mystiske jenter og branner. Det luktar svidd. Det ser ut som det har vore ein brann. I hagen står det plutseleg ei jente. Men det er berre Mattias som ser ho. Mora trur det er noko han finn på. At han saknar vennene sine og at han ikkje vil bu i det nye huset. Kva har eigentleg skjedd der?

Målgruppe: Litt å lese
Alder: Mellomtrinnet