Hopp til innhold

Anders Totland

Anders Totland har skrive ungdomsromanane «Blindsone» (2021) og «Så lenge ingen ser oss» (2017) med støtte frå oss. Han er ein svært god formidlar og har reist mykje på skulebesøk med bøkene sine.

Totland har jobba som journalist, og er utdanna samfunnsvitar og kokk. I litteraturformidlinga brukar han aktivt musikk og han spelar blant anna orgel. Han heldt og skrivekurs for ungdom.

(Foto: Marius Knutsen)

Blindsone (2021, Gyldendal)

Sanne er med i eit rånemiljø. Ho elskar fart og bilar. Kjærasten er den to år eldre Henrik. Alt er bra når dei to er saman i bilen hans. Men så kjem russetida, og Henrik vil vere med på feiringa. Sanne har høyrt mykje om kva som skjer på festane til russen. Og ho er då ikkje typen som vil sitje heime og vente?
Målgruppe: Ungdom
Kategori: Litt å lese

Så lenge ingen ser oss (2017, Gyldendal)

Jon bur aleine saman med mora. I helgene kjem det mykje folk på besøk. Dei er borte neste dag. Men ein søndag står Ole der og steiker pannekaker til frukost. Snart er dei ein heilt vanleg familie. Jon får til og med ein liten bror. Ein dag spør Ole om Jon vil bli med på tur med telt og fiskestang. Klart han vil! Men turen blir ikkje heilt som Jon hadde tenkt seg.
Målgruppe: Ungdom
Kategori: Litt å lese


Tips til formidling

Arrangement:
Foreldre som svikter

Ho slår. Først ein gong. Så ein gong til.
Forfattarane Brynjulf Jung Tjønn og Anders Totland snakkar med psykolog Peder Kjøs om vaksne som sviktar. Tjønn og Totland har begge skrive kritikarroste og sterke romanar om ungdom i vanskelege familiesituasjonar. I Tjønns bok Smadra opplever ei jente å bli slått av mor si. I Totlands bok Så lenge ingen ser oss får ein ung gut ein ny stefar som først verkar grei. Kva gjer ein når dei som er nærast blir farlege?

Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby

Anders Totland  har ei eiga heimeside.