Hopp til innhold

Inspirert av virkelege hendingar

Forfattar Anders Totland vil skrive bøker som gir gode leseopplevingar og ofte når han skriv, kjem det fram eit mørke.  Dette mørket dukkar óg opp i den siste boka «Blindsone«, ei dampande heit og fartsfull ungdomsbok.

Totland starta på historia som skildrar rånemiljøet og bygdekulturen lenge før TV-suksessen «Rådebank.» Det er berre tilfeldig at «Blindsone» kjem i ei tid då alle omfamner råning og bygdemiljø. Kanskje vekker boka leselysta hos dei som er hekta på råning?

Foto: Marius Knutsen

Hovudpersonen Sanne elskar fart og bilar. Kjærasten Henrik er to år eldre og er russ. Alt er bra når dei to er saman i bilen hans. Men så kjem russetida. Sanne har høyrt mykje om kva som skjer på festane til russen. Og ho er då ikkje typen som vil sitje heime og vente? Eller kva type er ho eigentleg?

Gratulerer med ny bok, Anders!
Korleis kjennest det å komme i mål med «Blindsone»?

Det er utruleg deilig, ikkje minst fordi dette er den boka til no som eg har brukt aller lengst tid på. Første utkast blei faktisk levert i 2018, men så skjedde det ein del ting som gjorde at eg ikkje klarte å fullføra. Ikkje før no.

Boka har ein strålande god tittel! Korleis kom du fram til den?

For å vera heilt ærleg var dette tittelen til eit manus som blei refusert for nokre år sidan, som handla om noko heilt anna.
Etter kvart som den boka som no er klar begynte å ta form, tenkte eg at litt gjenbruk passa godt. For det er jo ein del blindsoner i denne boka, uansett korleis ein vel å tolka det.

Dette er jo ein ungdomsroman og eg er freista til å oppsummere med orda «sex, fart og eksos».
Kan du fortelje litt om korleis denne boka blei til? Kor fekk du ideen frå?

På ein måte kan eg vel seia at boka er inspirert av verkelege hendingar, slik filmfolka pleier å seia.
Då eg flytta til Kvinnherad som ungdom tidleg på 2000-talet var det midt i ein periode med mange alvorlege bilulukker – noko som prega ungdomsmiljøet i kommunen. Fleire døydde, og om ikkje alle kjende nokon av dei omkomne, kjende alle nokon i omgangskretsen deira. Slik blei sjølv ein tilflyttar som meg påverka av alt som skjedde. Så tok det slutt. Eller i alle fall var det slik eg oppfatta det.

I mange år var Kvinnherad som andre bygdekommunar, med ei ulukke her og ei ulukke der, men ikkje noko kjempestort omfang. Ikkje før 2017-2018 (om eg hugsar årstala rett). Plutseleg var det mange alvorlege dødsulukker eller nesten-dødsulukker, der ungdom var involvert i fleire. Heng dette saman på noko vis? Det eg har tenkt, og som har vore utgangspunktet for «Blindsone»,  er at det har vakse fram ein generasjon som ikkje har hatt noko medvite forhold til den dødelege perioden i trafikken for 20 år sidan.

Kanskje påverkar det korleis ein sjølv køyrer, og kva forhold ein har til trafikk og ulukker. Dette er jo ikkje noko eg kan spesielt mykje om, men eg har brukt desse lokale erfaringane, og tankane eg gjennom dei siste åra har gjort meg rundt det, til å bygga opp historia i «Blindsone». Ikkje for å fortelja nokon av desse historiene direkte, men eg har kjent at her står det noko på spel – noko som kan vera eit godt utgangspunkt for ein ungdomsroman.

Rånemiljøet er jo eit klassisk bygdefenomen. Var du sjølv ein rånar då du var ungdom?

Nei. Eg spelte kyrkjeorgel og dreiv dank, men eg hadde ein scooter som eg brukte til og frå skulen. Og så gjekk eg på yrkesskulen, så eg hadde ein viss konkakt med ungdommane som gjekk rundt med olje på fingrane.

Hovudpersonen i boka, Sanne, er ikkje berre ei rånebeib. Ho mekker sjølv på bilen, køyrer fort og ulovleg åleine, sjølv om ingen ser på. Ho er ein interessant karakter og kan minne litt om Hege i «Rådebank», ein TV-serie som også skildrar rånemiljøet. Kva tenker du om lenka til «Rådebank»?

Sidan eg leverte førsteutkastet til denne boka i 2018, hadde eg aldri høyrt om «Rådebank» då eg skreiv denne historia. Det var først no i vinter, då sesong 2 kom, at eg begynte å sjå på serien. Men då eg først såg han, var eg svært begeistra. Og eg må jo innrømma at eg tenkte litt på overlappinga av tematikk og handling her, og kjende litt på frykta for å bli vurdert opp mot «Rådebank». Samtidig er det litt fint om nokon som elles ikkje ville ha lese ein roman, kan tenka seg å lesa «Blindsone» fordi dei forstår at det er litt «Rådebank»-vibbar her.

Det er og ei kjærleikshistorie her. Ei dampande og heit historie.
Sexscener kan jo fort bli både flaue og plumpe i romanar, men du hoppa i det? Med eit godt telemarksnedslag! Korleis var det å skrive den delen?

Heilt ærleg? Det var skikkeleg gøy. Tidlegare har eg skrive denne type scener som anten har vore knytt til utpressing eller direkte overgrep, og for ein gongs skuld hadde eg lyst til å skildra nokre lystbetonte sexsituasjonar denne gongen. Det er jo heldigvis det som er det vanlegaste, òg for ungdom. Rett og slett litt gladsex, sjølv om eg ikkje klarte å styra heilt klar dei problematiske sidene ved det denne gongen heller. Men sånn er òg livet.

   

Tidlegare har du skrive ungdomsbøker om vanskelege tema, som overgrep («Så lenge ingen ser oss«) og alvorleg sjukdom («Engel i snøen»). Er det noko du tenker du vil med bøkene dine, at du skal ta opp vanskelege tema?

Eigentleg ikkje. Utgangspunktet mitt er at eg vil skriva bøker som kan gje gode leseopplevingar. Så har det gong etter gong vist seg at det er når mørket kjem snikande, at eg til ein viss grad får dette til. Men det gjer jo ingenting om nokon som les sit igjen med meir enn det eg har tenkt. Tvert om er det ganske fint.

Boka har eit godt driv. Korte, presise setningar dreg lesaren fram i teksten.
Ser du for deg ein spesiell lesar når du skriv?

For meg er forma ein del av historia. Eg kan ikkje så mykje om skrivereglar, men har ein slags indre rytme når eg skriv. På ein måte nynnar eg meg gjennom teksten, og då må det vera ein slags musikalitet der – anten det er lange, kronglete setningar eller meir korthogd, som her. Men sidan eg skriv for ungdom, håper eg jo at det finst ein og anna ungdom der ute som kan tenka seg å lesa det eg skriv. Og eg ser gjerne føre meg nokre av dei ungdommane eg møter på skulebesøk, som seier at dei ikkje les bøker, når eg skriv.

På internett står det at du har to ting du minner deg sjølv om morgonane,
1. Ver raus 2. Ikkje ver ein kødd. Korleis går det med det?

Det kjem veldig an på dagsformen, men på det jamne trur eg det går ganske greitt. Men det er vanskelegare enn ein gjerne skulle tru.

Kva høyrer du på når du skriv?

Fuglane i hagen, eventuelt dei andre cafegjestene sitt skrål, om eg er ute på reise og har funne meg ein skrivekrok ute blant folk.

Det brenn i huset ditt, kva gjern du?

Tar med familien ut og ringer brannvesenet.

Kva brenn du for?

Eg trur kanskje ikkje eg brenn så mykje, men eg er opptatt av gode opplevingar og møte med folk. Og så brenn eg nok litt for naturen og insekta. Ikkje minst etter at eg begynte som birøktar med bier i hagen, har eg blitt litt radikalisert på dette feltet.

Du skal vere med på 4-stjernes middag, kven inviterer du? Ikkje la deg begrense av om dei er levande eller ikkje. Kva ville du ha servert og kva er underholdninga?

Kva dag som helst hadde eg heller valt fire gode venner, sidan eg får altfor lite tid til folka eg verkeleg bryr meg om i dette aktive turnelivet. Men om det måtte vera kjendisar, hadde eg gått for Astrid Lindgren, Roald Dahl og Jens Munk. Dei to første hadde det vore heilt fantastisk å få snakka med ein heil kveld, eller kanskje mest berre lytta til.

Han siste har eg meir pragmatiske grunnar til å invitera. I tillegg til å vera oppdagingsreisande, var han nemleg piratjeger for Danmark-Noreg på 1600-talet. Eg skulle gjerne hatt nokre skildringar direkte frå kjelda til den nye sakprosaboka for ungdom som eg jobbar med. Den handlar nemleg om norske piratar, og kjem etter planen ut neste år. Sjå der klarte eg å snika inn litt reklame òg.