Hopp til innhold

Humor er ei slags superkraft

Å vere ung er for jævlig, og det har det vore til alle tider. Men midt inni all leiting etter seg sjølv, ønsket om å bli elska eller i det minste passa inn, teite foreldre, klimatrusselen, vinden frå høgre og venstre, så finns det strimer av lys. Det går an å le av det heile, le av seg sjølv og le når det blir for gale. Eg trur ikkje på at ein skal bota alvor med alvor. Latter er det som skal til, og då må me sleppa humoren laus.

Foto: Johan Falkenström

La meg spola tilbake nokre dagar. Eg fekk spørsmål om å skriva om humor i ungdomsbøker. Kvifor det er så vanskelig? Tankar kring kvifor det er så få ungdomsbøker med humor, og at dei bøkene som finns ikkje blir løfta fram? Ofte er det dei grensesprengande alvorlige, såre og vonde bøkene som vinn prisar og kredibilitet. Og eg fekk for meg at eg skulle skriva noko klokt. Skriva noko som ingen kunne ta meg på.

Eg blei alvorlig og redd og begynte å undersøka kva alle andre tenkte, korleis eg kunne unngå å trampa nokon på tærne. Gløyma å nemna ei bok som er eit lysande eksempel på humor for unge. Visa fram at eg ikkje hadde greie på alt, ikkje har lese alle bøker for ungdom. Og at eg skulle enda opp med å skriva noko som gjorde at alle andre tenker, no blei det litt mykje Ingelin her. Eller at eg enno verre skulle komma til å KRENKA nokon. 

No er det ein knapp time til deadline, og min flinke artikkel med alle døme på det andre har sagt og meint om same tema, har eg sletta. Kvifor? Fordi humor er å våga, det er å drita i pleasa alle andre, drita i å vera flink. Våga å bomma, våga å vera teit. Så for å kunna skriva om humor, må eg våga å vera ein narr. 

Latterbrua

Ein god latter forlangar livet blir det sagt, og no har dei visst forska på det også. Til og med falsk latter har ein helseeffekt. Og den som klarar å le av seg sjølv, er etter mi meining meir robust. Det er ei gåve å ta lett på livet. Ei superkraft å kunna le også når ein ligg i grøfta. 

Eg var ein ganske typisk tragisk ungdom sjølv. Eg fiksa ikkje stilen og såg stort sett ut som eit takras, eg hadde kviser som eg ikkje kunne la vera å klemma på og som eg desperat prøvde å skjula med for mykje concealer. Eg var så avstandsforelska, at dei gutane eg likte knappast visste at eg eksisterte. Og den gongen eg faktisk fekk napp, var eg så usikker at eg svarte nei sidan fyren heilt openbart ikkje var heilt god i hovudet som kunne vera forelska i meg. Eg var dårlig i all sport, heilt umusikalsk og utan koordinasjon, så eg såg ut som ein torsk på dansegolvet og gjorde best i å berre mima viss det skulle syngast.

Ein gong i ungdommen tenkte eg på å gjera det slutt, men midt i dei dramatiske tankane kring korleis det heile skulle gå for seg, så kunne eg ikkje la vera å le. Og kvar gong i livet der eg har hatt det tungt, tenkt at no er eg jammen meg deppa, så har latteren redda meg. Dette betyr ikkje at eg ikkje trur at ungdom har det tøft på ordentleg, men eg stiller meg meir og meir tvilande til om det hjelper å skriva alvorleg om det alvorlege? Er livet tøft så treng ein verktøy for å føla seg bra, til å lokka fram lyset og latteren. Ungdomstida går over.

Forslag til ting som kan tullast med:

Alt.

Eg veit at visse meiner at det finns grenser og at ein ikkje skal tulla med saker og ting som kan krenka. Men når humoren døyr, så blir folk krenka av alt. Humor er ein krenkevaksine. Ungdomstida er ei brytningstid. Det er ein overgang frå å vera barn til å bli vaksen. Livet blir snudd på hovudet. Det skjer ting i kroppen og i hovudet. Endringane er dramatiske. Det kan kjennast som om ein er i ferd med å eksplodera. Då er det viktig med ventilar, å kunna få latterkrampe på heilt feil plass, brøla og slå i veggen, dansa utan å tenka på at ein skulle vera flink, stå framfor spegelen å laga grimasar til seg sjølv. Eg skreiv tidlegare at eg ikkje kunne dansa og var stiv som ein stokk på dansegolvet. Eg fekk til og med namnet «Stiffness Queen», men heima på hybelen og framfor spegelen så kunne eg dansa så teit eg berre ville og synga høgt og falskt. 

Ungdom finn humoren andre stader

Sjølv om det er langt mellom gapskratta i bøker for ungdom, betyr ikkje det at ungdom i dag ikkje har humor eller ikkje treng humor eller ler og tøysar mykje. Det er berre å ta ein tur på forfattarturné. Før klassen roar seg er det fnising og latter i klasserommet. Går du gjennom skulegarden vil du sjå at ungdommane ikkje berre står i klynger og deppar. Eg veit at etter eg har gått, vil det vera fleire i klassen som har det gøy med å parodiera meg om det no er dialekta, vifting med armar eller klesstilen. På YouTube og Snap og TikTok er det masse humor og der kan ungdom også utfalda seg med eigen humor. Det er nok fleire humorklipp som blir delt mellom ungdom enn klipp av sensasjonelt grusame ting. Men det er dei sensasjonelt grusame tinga som hamnar i pressa.

Då er det lett for ein forfattar driven av den gode vilje å tenka at eg må skriva ei viktig bok om deling av nakenbilete eller videoar av overgrep eller klipp av nokon som ser ut til å ta livet på direkten. Det er så lett å gå i fella, så lett å tenka at eg skal gjera noko godt og viktig. At me som forfattarar skal vera heltar som skal få ungdom til å bli gode menneske med god moral. Eg meiner bestemt at det å oppdra ungdom ikkje er ein del av forfattarjobben. Jobben er å vera ein narr, få dei til å tenka sjølv, sjå på livet frå ein uventa vinkel og å gi dei den største gåva og superkrafta av dei alle -sjølvironi og latter. Eg har ein regel når eg skriv, og det er viss eg kjenner at eit tema er viktig, så skal eg drita i å skriva den boka.

Det er håp!

Med ein gong den gode viljen driv teksten, så døyr humoren. Kva er det som er så gale med å skriva ei bok som berre er meint å underhalda? Alle treng ein pause frå alvoret. 

Viss me held fram med å framelska alvoret i ungdomslitteraturen, står me i fare for å drepa all leselyst. Eg har ein draum om at ein dag vil ein forfattar skriva ei ungdomsbok som vinn Brageprisen, fordi juryen fekk seg ein god latter. I fjor vann boka «Arvingen» av Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen Uprisen. Dette skreiv Oda Faremo Lindholm om boka:

«I det store, litterære bildet, er ikke «Arvingen» voldsomt god prosa, men i sin sjanger er det en veldig god bok. Og kanskje trenger ikke ungdom alltid god litteratur (hva nå enn det betyr), men heller spennende, morsom, litt corny og svulmende historiefortelling. Og det har Halvorsen og Fuglehaug gitt dem med «Arvingen»».

Boka fekk så mange som 32 meldingar inne på Uprisen, og dei fleste er positive. Det er med andre ord ingen tvil om at ungdom sjølv set pris på underhaldande bøker. Kanskje dette kan vera starten på humoren sin revansj over alvoret?