Hopp til innhold

Blindsone

Ei bok om råning, fart og kjærleik inspirert av verkelege hendingar.

Om boka

Sanne er med i eit rånemiljø
Ho elskar fart og bilar.
Kjærasten er den to år eldre Henrik.
Alt er bra når dei to er saman i bilen hans.
Men så kjem russetida, og Henrik vil vere med på feiringa.
Sanne har høyrt mykje om kva som skjer på festane til russen.
Og ho er då ikkje typen som vil sitje heime og vente?

«Blindsone» er ei spennande bok med godt lesedriv.

Anders Totland

Anders Totland er forfattar og journalist, og debuterte i 2015 med boka «Vampyrane i Eplehagen». Han har skrive fleire ungdomsromanar, og sakprosabøker om blant anna slavehandel, svartedauden og sjørøvarar. Han har óg skrive bøker for vaksne, blant anna «Til jord skal du bli» frå 2022. Totland er ein aktiv formidlar som reiser mykje rundt på skulebesøk. Foto: Marius Knutsen

Forfattar Helene Guåker anbefalar «Blindsone»

Spørsmål og refleksjonar

  • Kva tenker du om relasjonen mellom kjærasteparet Sanne og Henrik?
  • Korleis trur du det er å vere Anne, etter at Sanne har blitt kjærast med Henrik? Kva skjer med vennskapen deira? Kan du kjenne deg att i dette?
  • Kven er det som har makt eller bestemmer i denne historia? Korleis brukar eller misbrukar dei denne makta?
  • Kva tenker du om regelen som far til Henrik og Ida har: «Så lenge du bur under mitt tak, må du leve etter mine reglar»?
  • «Er du heilt sikker på at Henrik er bra for deg?» spør mamma Sanne. Kva tenker du? Korleis endrar synet ditt på Henrik seg, frå starten av boka til slutten av boka?
  • Kvifor blir Sanne med på ting ho eigentleg ikkje vil eller ikkje likar? Tenk for eksempel på scena der Henrik kjem på besøk til henne, er full og vil ha sex med henne. Kva ville du ha gjort?
  • Kva synest du om det som skjer på festen?
  • Korleis endrar livet seg etter ulykka? Kan ei alvorleg ulykke føre med seg noko bra?
  • Kva sit sterkast igjen etter at du har lese boka?

Les om boka i Boksøk

I Boksøk finn du ein kort presentasjon av «Blindsone», med eit utdrag frå boka.

Les intervju med Anders Totland