Hopp til innhold

Spelemannen frå Korsneset på turne

Da Gro Nilsdatter Røsth skulle skrive bok om folkemusiker Karl Gustav Korsnes på Skald forlag, ble Leser søker bok tidlig involvert i arbeidet. Resultatet ble en flott, lærerik bok om en spennende mann. Boka «Spelemannen frå Korsneset» er i utgangspunktet for alle, men er tilpasset eldre lesere ved at skriftstørrelsen er litt større en vanlig. Det er få personer, og korte setninger.

Boka passer også fint til høytlesning, så den anbefales til leseombud. Som forlaget skriver:

«Hendingane i romanen vil trigge minne hos dei som har opplevd liknande sjølv, andre vil hugse historier som dei har fått fortalt. Mange vil kjenne igjen dei vanskelege forholda for å drive gardsdrift før i tida.»

Senere har skuespiller Silje Breivik og folkemusiker Thea Marie Ytterdal reist rundt med en forestilling basert på boka. De vakre slåttene etter Karl Gustav får publikum inn i historien på en annen måte. I forbindelse med #bokåret2019 har de to besøkt både bibliotek og litteraturhus.

Nylig var forfatter Gro på turne med boka, og sendte reisebrev hjem til oss. Disse møtene med leserne er så viktige! Takk til Gro for den viktige jobben du har gjort – og gjør – med boka di!

Fotograf: Nikolaj Blegvad

Reisebrev fra Gro:

Bokturné i Sogn med ”Spelemannen frå Korsneset”.

Med stønad frå Nasjonalbiblioteket.

Turnéen blei ei skjellsetjande oppleving. Sjølv for ein sunnmøring som meg. Kan noko bli vakrare, eller i alle fall like vakkert som fjordane, fjella og øyane og kysten på Møre? Det er alltid noko særskildt med heimetraktene, og det blir feil å måle landskap opp mot kvarandre. Dei er alle vakre på sitt vis. Men Sognefjorden tok nesten pusten frå meg. Og det hjelpte godt at vi hadde fint vêr heile vegen. Mannen min var teknisk sjef og sjåfør på turnéen, og eg kunne nyte turen frå passasjersetet. Eg  bremsa mykje. Tykte no og då at eg måtte hjelpe til på dei smale vegane.

Lærdal var fyrste stopp. Og då vi rusla rundt i sentrum, fann vi fine, store plakatar som opplyste om framsyninga. Det var stas. Dette opplevde vi på alle dei andre stadane også.

Det synte seg også at ei dame blant det interesserte publikumet i Lærdal hadde lese boka mi og halde foredrag om ho for ei gruppe på biblioteket tidlegare.  Tenk det.

Etter at eg var ferdig, kom det fram to kvinner som ville snakke med meg. Det synte seg at den eldste var barnebarn til hovudpersonen i romanen og den yngste var oldebarn. Då vart det litt frys på ryggen.

Eg må også nemne at på alle møta hadde bibliotekarane ordna med kaffi og heimebakt.

Og alle stilte opp med utstyr for video og bilete.

I Sogndal måtte eg gni meg i augo. For der kom ein forfattarkollega springande i same augneblink som eg skulle til å starte. Ho var på turné for den Kulturelle skulesekken. Då blei eg litt nervøs. Det er noko med å ha kjentfolk i salen. Men det gjekk veldig bra, og vi hadde hyggjeleg middag saman etterpå.

Då vi kom til hotellet i Vikøyri, var det fyrste resepsjonisten sa:  ”De må ikkje drikke vatn frå springen. Det må kokast fyrst.” Då fekk vi bruk for vassdunken som mannen min sette i bilen. Kjekt å ha, som han sa.

Om kvelden var det stappfullt i salen på Blix hotell. Og jammen kom det kjentfolk der også. Ein god ven av dotter mi sto plutseleg i døra. Det synte seg at foreldra hennar hadde kjøpt seg gard i Vangsvik på sine gamle dagar. Og ho var på besøk.

Publikumet i Vikøyri var fantastiske. Det var nesten som ein draum å stå der å lese og fortelje og sjå utover på smil og skinande auge.

I Høyanger så det ut til å kome få. Men så, like før eg skulle starte, berre rann det inn med folk og det blei ei fin stund der også. Det same hende i Balestrand.

På den siste staden, Gaupne i Luster, blei det fullt i biblioteket. Endå dette var på ein laurdag med strålande ver, og fyrste dagen i haustferien. Og her hende det også noko spennande. Ein hyggjeleg mann ville helse på meg då eg var ferdig. Og jammen var dette også eit barnebarn av hovudpersonen. Og ikkje berre han. Han hadde med seg dotter si og ho hadde med eit tippoldebarn av Karl Gustav. Det er då verda står still ein augneblink.

Vi hadde tenkt å overnatte ein stad på tilbaketuren, men vêret var så fint og månen lyste for oss heile vegen heim.

Beste helsing Gro Nilsdatter Røsth

Gro på Luster bibliotek