Polarnatt er ei varm forteljing om ein iskald tur under det flakkande nordlyset. Dei som er ute i kulda, er 16 år gamle Ilias og veslesøster hans Amira på ni.
Dei har rømt frå asylmottaket, for Ilias er i trøbbel. Han trur at den einaste som kan hjelpe han, er Henriksen. Men Henriksen er ikkje den Ilias hadde venta,
og han som har skapt trøbbel for Ilias er rett bak dei, på snøskuter.
Polarnatt er noko så sjeldan som ein thriller for mellomtrinnet. Spenninga er i gang frå første side og held lesaren på tå hev gjennom heile boka. Handlinga er tett på dei to søskena, lesaren kjenner kulda på kroppen og høyrer knirkinga i snøen. Kapitla er korte, og språket enkelt med mykje god, drivande dialog. Illustrasjonane av Bjørn Rune Lie er med på å skape stemninga og kjensla av å vere aleine under ein hard himmel. Dette er ei bok som passar for alle barn som set pris på ei spennande forteljing. Og den kan fungere spesielt godt i arbeidet med flyktningar og barn og ungdom med norsk som andrespråk.
Illustrasjonane til Bjørn Rune Lie er utført med stor fagleg dugleik, rikt detaljnivå og varme. Den duse fargepaletten og dei varierte motiva tilfører historien dynamikk. Dei stemningsfulle bileta spelar saman med teksten og skapar ei kjensle av å vere åleine under ein hard og kald himmel. Bileta tek lesaren tett på historia om dei to som er på rømmen.
Sunniva Relling Berg
Debuterte i 2011 med ungdomsromanen Utfor, som fekk strålande kritikkar. To år etter kom Beina i gitaren.
Forfattaren har heile vegen fått ros for eit stramt språk med gode bilde og metaforar. Polarnatt er Relling Bergs tredje bok for utgjeving.
Bjørn Rune Lie
Illustratør og barnebokforfattar. Har vunne ei rekke priser i konkurransane Visuelt og Årets vakreste bøker. Lie debuterte med biletboka Welhavens vase i 2004, etterfølgt av Slapsefjell i 2008, og har sidan gitt ut The Wolf’s Whistle (2015) i England. Han har illustrert ei rekke bøker med andre forfattarar. Lie si unike stil gjer at arbeida hans er populære blant anerkjende designbyrå og internasjonale publikasjonar. Illustrasjonane prydar alt frå puslespel og platecover til ulike innpakningar og reklameplakatar.
.