Hopp til innhold

Mareritt

Linn T. Sunne mottar Ordknappen 2020 for Mareritt.

«Mareritt er full av skumle scener, sanselege skildringar og drivande gode dialogar som gjev lesaren både grøss og gru under lesinga.»

Mareritt handlar om Mattias, mora og veslesystera som flyttar til den vesle staden Smedby. Men Mattias søv ikkje godt i det nye huset, og ei natt vaknar han opp i senga av sitt eige skrik. Eller, er det han sitt skrik? Snart byrjar fleire merkelege ting å skje, som då både stearinlys og peisen tenner seg sjølv. Sjølv i dokkehuset skjer det uforklarlege hendingar. Mora høyrer ikkje på Mattias når han freistar åtvare henne mot vonde krefter i huset. Heldigvis skjøner dei nye klassekameratane kva fare Mattias og familien er i, og saman nøstar dei opp i fortidas mørke løyndomar. 

Mareritt er full av skumle scener, sanselege skildringar og drivande gode dialogar som gjev lesaren både grøss og gru under lesinga. Ein kan verkeleg kjenne på Mattias si fortviling når mora ikkje vil tru han, medan han fryktar dei vonde kreftene kan skade familien hans. Men heldigvis er han ikkje åleine, han har nye vener som støttar han, når mora som skulle stått han nærast ikkje er der for han. Slik blir boka meir enn ein grøssar, det blir og ei forteljing om korleis vener kan hjelpe kvarandre, berre ein tør opne opp for det som er mest umogleg å snakke om.

Linn T. Sunne
Linn T. Sunne er ein prisløna barne- og ungdomsforfattar og debuterte med Stjernestøv i 2000. Sidan den gong har ho omtrent gjeve ut ei bok årleg og har vunne Brageprisen heile to gonger, samt Skolebibliotekarforeningens litteraturpris. Ho er ein allsidig forfattar som skriv biletbøker, romanar og sakprosa, og skildrar ofte stort alvor med varme og humor. Ho er høgt skatta av lesarane sine, og Mareritt var i 2019 ei av ti bøker som vart plukka ut til Foreningen !les sin Bokslukerpris.