Hopp til innhold

Kvit, norsk mann

av Brynjulf Jung Tjønn

Ei vond og viktig diktsamling om utanforskap og rasisme

Om boka

Ei vond og viktig bok om utanforskap og rasisme
Desse korte dikta tek for seg forfattarens eigen oppvekst på ein gard på Vestlandet. Han skildrar gode oppvekstkår og trygge vaksne.

Han skildrar òg korleis omgivnadane på meir eller mindre subtile måtar skil han ut frå flokken som ein som er annleis, mange små stikk som etter kvart gjev guten ei sterk kjensle av å ikkje høyra til. Også som vaksen mann møter han dei same haldningane.

Dette er ei bok som set spor hos lesaren. Ho opnar auga våre for korleis vi i lite og stort skil mellom dei vi tenker liknar oss sjølve, og dei vi tenker ikkje gjer det.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er ein kritikarrost og allsidig forfattar, som skriv for både barn, ungdom og vaksne. I 2002 debuterte han med romanen «Eg kom for å elske». For diktsamlinga «Kvit, norsk mann» blei han tildelt Ungdommens kritikerpris.

Oppgåver og digitale ressursar

Opplesing frå boka

Oppgåver og refleksjonar

  • Korleis opplevde du desse dikta? Kva likte du ved dei?
  • Kvifor trur du eg-forteljaren i dikta ønskjer å bli ein kvit, norsk mann? Kva inneber det å vere norsk, tenker du?
  • Korleis trur du det ville ha vore å vekse opp på ein stad der du ikkje liknar på nokon av dei andre rundt deg?
  • Spørsmålet «Kvar kjem du eigentleg frå?» blir gjentatt fleire gonger i boka. Kva synest du om å stille andre dette spørsmålet? Kva ville du ha følt, og kva ville du ha svara om nokon spurde deg om kvar du eigentleg kjem frå?
  • Les diktet på s. 18. Kor viktig er det å ha nokon førebilete eller heltar i oppveksten, som liknar på deg sjølv, og kvifor?
  • Finn ut: Kven var Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen, og kva skjedde med dei?
  • Kva tenker du om at fleire av dikta refererer til desse verkelege personane? Les dikta på s. 31 og s. 34-35.
  • Kva er eigentleg rasisme? Er det forskjell på å bli utsett for rasisme og å bli utsett for fordommar? Bruk gjerne eksempel frå dikta for å forklare korleis du tenker.
  • Les for eksempel dikta på s. 19 og s. 22. Er det rasistisk å stille desse spørsmåla? Kvifor? Kvifor ikkje? Trur du dei som stiller slike spørsmål er rasistiske med overlegg?
  • Kva i boka gjorde størst inntrykk på deg?

 

 

Mushaga Bakenga anbefaler «Kvit, norsk mann»

Video

Forfattersamtale med Brynjulf Jung Tjønn

Mushaga Bakenga anbefaler!

Les om boka i Boksøk!

I Boksøk finner du en kort presentasjon av «Kvit, norsk mann» og utdrag fra boka.

Hør forfattersamtalen som podkast

Brynjulf Jung Tjønn om å vokse opp som adoptert og om å skrive dikt om samme tematikk.