Hopp til innhold

Eg snakkar om det heile tida

Essays om rasisme i norsk kvardag – skrive av ein forfattar som har opplevd rasismen på kroppen.

Om boka

Dette er ei personleg bok om Camara Lundestad Joof sine eigne opplevingar. Ho fortel om rasismen ho møter om og om igjen frå folk ho treffer tilfeldig, jobber i lag med eller er i familie med. Ho fortel på ein personleg måte, men med eit nyansert blikk, både på seg sjølv og på dei ho møter.

«Eg snakkar om det heile tida» er ei svært god forteljing og ei fin debattbok.

Camara Lundestad Joof

(f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Camara Lundestad Joof har vore husdramatikar ved Dramatikkens hus i Oslo og ved Nationaltheatret. Frå august 2024 er ho kunstnerisk leiar ved Dramatikkens hus. Foto: Odin Drønen

Camara Lundestad Joof om boka

Spørsmål og refleksjonar

  • Eg-personen fortel om forskjellige følelsar som blir vekte i henne når ho opplever rasisme eller når ho prøver å forklare kvite menneske korleis rasisme kjennest. Kva for nokon ulike følelsar fortel ho om?
  • Forteljaren i boka presenterer seg som Christina og ikkje Camara når ho jobbar som telefonseljar. Kva andre eksempel finn du på måtar ho prøver å tilpasse seg på? Kvifor gjer ho det?
  • Kan du kjenne deg att i hendingar som forfattaren skildrar, med eksempel frå ditt eige liv? Korleis reagerte du?
  • Les historia «Bunad 1» om då eg-personen som jente hadde på seg bunaden for første gong på 17. mai.
    Kva tenker du om behandlinga ho fekk av den gamle dama?
    Kva trur du det ville ha gjort med deg dersom det var du som opplevde dette? Og kva ville du ha gjort, om du var vitne til ei slik hending?
  • Les dei tre korte tekstane «Å reise med fly», «Å reise med tog» og «Ny genser».
    Kva for følelsar blir vekte i deg når du les desse tekstane?
    Korleis viser desse tekstane utanforskapen til eg-personen?
  • Om du også har lest «Kvit, norsk mann»: På kva måte handlar Camara Lundestad Joof sine tekstar om dei same tinga som Brynjulf Jung Tjønn skriv om i dikta sine? Kva synest du er likheitstrekk og forskjellar mellom desse to bøkene?

 

Hør podkast med Camara og Fela

Les om boka i Boksøk

I Boksøk finner du en kort presentasjon av «Eg snakkar om det heile tida», og utdrag fra boka.