Hopp til innhold

Den svartkledde jenta

A. Audhild Solberg mottar Ordknappen 2020 for Den svartkledde jenta.

«Her er scener fulle av grøss, drivande gode dialogar, og skildringar som tek oss tett på historia som utspelar seg. Alt i eit lettfatteleg språk der tonen er truverdig og på lag med lesaren.»

Den svartkledde jenta er ei grøss- og gru bok som held på spenninga heile vegen: Kven er den mørkkledde jenta Hanna møter på veg heim frå kjærasten Leo ein mørk kveld? Kvifor følgjer ho etter Hanna ned til brua ved elva, og kvifor står den mørkkledde der og skrik? Kva makt er det den mykje eldre kjærasten Leo har over Hanna, kvifor let ho seg presse av han?  

Den svartkledde jenta er ei tett samanvevd historie, og dette er utan tvil ein sjanger forfattar A. Audhild Solberg meistrar særs godt: Her er scener fulle av grøss, drivande gode dialogar, og skildringar som tek oss tett på historia som utspelar seg. Alt i eit lettfatteleg språk der tonen er truverdig og på lag med lesaren. «Det er som boka eig deg og gjer ting verkeleg», skriv ein av dei mange unge lesarane på uprisen.no, og har heilt rett. Det er som vi går side ved side med hovudpersonen gjennom boka, vi ser det ho ser, vi kjenner det ho kjenner. 

Forteljinga tek lesaren tett på dei grufulle opplevingane hovudpersonen lenge står aleine om å takle, om dei så er av denne eller den hinsidige verda. Inn i grøssarromanen maktar Solberg å kople på ein viktig tematikk, om kva som skjer når nokon tek makta frå deg, og du trur du er heilt åleine om å finne vegen attende til sjølv bestemme kven du er og kva du skal gjere.  

A. Audhild Solberg
A. Audhild Solberg debuterte i 2014 med Kampen mot superbitchene og har gjett ut seks romanar for barn- og unge. Bøkene er oversett til ei rad språk  og ho har motteke Ark sin barnebokpris to gonger. Solberg har ei særleg teft for å treffe unge lesarar, og med Den svartkledde jenta sette ho rekord i meldingar på uprisen.no i 2019.