Hopp til innhold

Atle Hansen

Atle Hansen har samarbeida med Leser søker bok om fleire bøker, blant anna «Svartedalen» og «Eg har venta på deg». Atle Hansen er forfattar, musikar og journalist.

Eg har venta på deg (Samlaget, 2020)

Saman med mora og systera flyttar Simon til eit hus ved havet. Folk kallar den staselege heimen Slottet, og Simon er nøgd – han får bu i eit tårn heilt for seg sjølv. Dei har endå til sjøhus med robåt og fiskeutstyr.

Men snart byrjer merkelege ting å skje. Først ror han forbi ei mørkkledd kvinne på stranda. Så kviskrar ei stemme til han i sjøhuset,
stemma freister å lokke han til seg. Og snart dukkar ei jente opp – ho har litt av kvart å fortelje, blant anna om Den svarte enka. Men kan han stole på jenta? Kva slags krefter er det som freister å lokke Simon til seg? Og kva er histria bak alle dei mystiske hendingane i den vesle bygda ved havet?

Forfattar Atle Hansen har lang erfaring frå å skrive for unge lesarar, og det merkar ein fort i denne romanen: Her er eksistensiell tematikk om ung lengt og vennskap, skumle parti og vare naturskildringar, kjappe dialogar og ettertenksam fundering. Språket er særs godt, enkelt og effektivt og dei gode grepa tek lesaren på ei herleg grøss- og gru-reise.

Målgruppe: Litt å lese
Alder: Mellomtrinnet, ungdom


Svartedalen (Samlaget, 2015)

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå?
Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring?
Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg.

Svartedalen er ein grøssar der spenninga held deg klistra til sidene.

Målgruppe: Litt å lese
Alder: Mellomtrinnet, ungdom