Hopp til innhold

Boktips: «Tusenfryd»

I dei 10 korte novellene i «Tusenfryd» møter vi 6 ungdommar som bur i same bygd og som går på same skule. Boka kan vere ein fin introduksjon til novellesjangeren og til ein litteratur som krev litt meir av lesaren utan at ho blir for vanskeleg å lese.

Det dei seks har til felles er at dei alle opplever noko som kan ha stor påverknad  for livet vidare, eit mogleg dreiepunkt. Det er ikkje dei store tinga, nokre gongar er det berre noko lite men viktig som fell på plass eller hoppar ut av sporet, Det er heller ikkje alltid dei sjølv som forstår tydinga av det som skjer. Som lesar kan ein undra seg over korleis livet fort kan snu, moglegheiter oppstå og forsvinne. Korleis vi blir endra og forma som menneske. Mæhle lager ein vev av hendingar og perspektiv. Forteljingane flettar seg inn i kvarandre. 

Temaa er mange og ulike. Kaleb vil gi søstera si den aller beste bursdagsgåva. Adrian gjer livet vanskeleg for Fred og Kaleb. Kaja og nykommaren i bygda, Tobias, dregest mot kvarandre før dei opplever noko som øydelegg alt. 

Adrian går igjen i fleire av novellene. I eit møte med Tonje i novella Fisken skjer det noko som får tyding for dei begge.

 «- Men så kast, da!
Tonje skvatt. Enda det var ho sjølv som hadde sagt
dei fire orda. Og det utan å stamme.
Det gjekk eit rykk i Adrian òg. Og han vippa sluken
laus frå stonga, tok sats – og sende stingsilda ut mot
havet.
Snøret spann ut frå snella. Ei lang stund.
Så lydde det eit plopp der ute.
Adrian lukka snella, begynte å sveive raskt inn. Det
lydde eit lågt riks.
R-r-r-r-r.
Ein jamn, nesten hypnotiserande lyd. Men Tonje
såg det straks: Dette kunne han ikkje.
Ho lukka auga.
– Kva er det? Sa Adrian
– D-d-du m-m-å…
Nei! Ho trekte pusten.
– … l-la snøret søkke først.
Adrian stansa.
– Før eg sveivar inn?
Tonje nikka.
– V-v-v-v-iss du v-v-vil ha torsk, så.
Adrian opna snella. Snøret vikla seg ut. Det for-
svann i spiralar ned i vatnet. Før det roa seg.»