Hopp til innhold

«Raud Volvo» – ein sterk teikneserieroman om å miste seg sjølv

«Raud Volvo», skriven og illustrert av Trude Tjensvold, syner kor vanskeleg grensesetjing kan vere.

– Du er så annleis, seier Jenny til bestevenninna.

Hausten er i gong og jentene slår følge til ungdomsskulen.
Jenny ser på venninna og kjenner seg så barnsleg.
Kvifor kan ho ikkje vere meir som henne? Meir vaksen.
Venninna er kjærast med Mikke, han køyrer til og med bil.

Ein kveld blir Jenny med Mikke i den raude Volvoen.
Dei køyrer til den hemmelege staden hennar.
Men ingen ting blir heilt som ho har tenkt.

Utdrag fra boka:

Eg har sett det sidan første skuledagen.
At Ann-Sofi har endra seg.
Før ein seier noko høgt, har det på ein måte ikkje
skjedd. Men no har det altså skjedd, det med
Ann-Sofi. Ho er liksom ikkje den same som før.

Har eg endra meg? Er det berre noko andre ser?
Eg har granska meg i spegelen, men eg ser ut som før.
I alle fall nesten.

Eg ser på Ann-Sofi. Ho seier ingen ting.
Vi har vore bestevenner sidan første klasse,
Ann-Sofi og eg. Dei fleste jentene i klassen bur i
same nabolaget. Andre har foreldre som er venner.
Ann-Sofi og eg blei liksom til overs, så vi fann kvarandre.

«Raud Volvo» er ein av Norla sine fokustitlar i haust. Les meir her. 

«Raud Volvo» har fått fleire gode meldingar. Øyvind Holen i D2 skriv om boka at ho er «En sterk debut, både i form og innhold» og Iselin Steinshamn i Serienett skriv blant anna «Den enkle oppbygginga av den vanskelege historia kan vere nøyaktig det ungdom treng i ein travel kvardag, der dei har fått nok av novelleanalyse på skulen. Vonleg kan teikneserien hjelpe dei med å sette ord på kjensler eller ting dei har opplevd, og kanskje kan han også hjelpe vaksne med å bli minna på korleis det er å vere ungdom».

Les heile meldinga på Serienett: «Om fuglar og volvoar».

Vidare skriv Anna Kuljic i Empirix følgjande om boka: «Sårt og rått om det å vokse opp «Raud Volvo» er en tegneserie som til tider føles som bildebok og til tider roman … Hva som skildres i ord og hva som vises med bilder, er spennende … Vekslingen mellom disse prosadiktinnslagene og den nesten skisseaktige tegnestilen gir en unik leseopplevelse … «Raud Volvo» skildrer grensetilstanden mellom å være barn og voksen mesterlig … Denne vanskelige historiens avslutning er full av håp. Til syvende og sist, er det Jenny som definerer sitt eget liv, og ingen kan ta det fra henne, eller bestemme hvem hun er»

Les heile meldinga på Emprix: «Sårt og rått om det å vokse opp»