Hopp til innhold

– Kjenne på sitringa som gode tekstar kan skape i eit rom

Slottsparken ligger et steinkast unna kontoret vårt på Litteraturhuset. Når vi i Leser søker bok må ut å lufte hodet, trenger inspirasjon eller skal ta noen kjappe møter, går vi en tur i parken. Vi inviterer med oss noen av de vi samarbeider med inn i parken for å bli litt bedre kjent.

Hei Sunniva, og gratulerer så mye med bok! Er du klar for en vandring i Slottsparken?

Takk og ja, gjerne!

Fortell litt mer om boka du har skrevet.

Polarnatt handlar om søskena Amira og Ilias, om kulda som kan vere nådelaus og om å ha gjort noko dumt som du ikkje ante konsekvensane av. Det er nordlys, hundekøyring og biljakt og innimellom verkar det håplaust, men kanskje er det nokon som kan hjelpe Ilias?

Har jobben din påvirket arbeidet med Polarnatt?

I dette prosjektet har det påvirka arbeidet særs konkret: Eg arbeider på biblioteket ved Årstad videregående skole og er ofte på jakt i lettlest-hyllene etter god litteratur til dei som les i motvind. Sjefen min oppmuntra meg til å prøve å skrive ei bok for våre minoritetsspråklege elevar, og slik starta Polarnatt. Eg samarbeida med ei innføringsklasse, og hadde skrivekurs med dei og opplesning frå manus.

Hvordan fikk du egentlig vite om oss?

Eg har høyrt om dykk frå så mange, både bibliotekarar og forfattarar. Boksøket dykkar brukar eg ofte på jobb!



Tenker du mye på leseren når du skriver?

Då eg skreiv denne boka, gjorde eg det meir enn eg plar gjere fordi eg snakka med lesarar undervegs. Det var lærerikt! Samstundes treng eg å lausrive meg frå den tenkte lesaren i visse delar av prosessen, for å unngå at redsla for å ikkje få det til, stoppar meg.

Boka er nydelig illustrert av Bjørn Rune Lie. Hvordan jobbet du med ham?

Eg kjende att karakterane og landskapet med det same eg såg skissene hans, og hadde ikkje så mange kommentarar. Det var gøy, rart og veldig fint å sjå illustrasjonar av det som fram til han byrja å teikne, berre var ord og setningar, berre var mine tankebilete, som så dukka opp på papiret til Bjørn Rune Lie óg.

Det er godt driv i boka, er det et bevisst virkemiddel?

Så bra! Ja, eg ønska at lesaren skulle ha lyst til å lese vidare og lure på kva som hadde skjedd.

Har du et favorittord?

Virvel

Hvis du må velge, liker du best å lese høyt eller bli lest for?

Dilemma! Far min las for meg frå eg var nokre dagar gammal, men det å få lov å lese opp og kjenne på sitringa som gode tekstar kan skape i eit rom, det er spesielt fint, så eg går for det.

Foto: Samlaget/Tove K. Breistein

Det brenner i huset ditt, hva gjør du?

Får ut barn og mann, men viss eg er åleine i huset ville eg nok forsøkt å få med meg notatbøkene mine, sjølv om eg ikkje hadde hatt nok armer til alle.

Hva brenner du for?

Bibliotek, og skulebibliotek spesielt. Det er ein stad for alle uansett bakgrunn, og skjønnlitteratur gir eit unikt innblikk i korleis andre tenkjer og ser verda på.

Hvilken bok har du gitt bort flest ganger bort i gave?

Den fine utfordringa med å gi bort bok, er å finne perfekt bok til den som skal få boka, og då er det sjeldan eg gir bort same bok to gongar.

Får du latterkrampe, kan du huske du sist?

Ja, ofte når eg er overtrøtt og det har eg vore ein del det siste halvanna året etter at sonen vår blei fødd. Eg har òg blitt gløymsk, så eg kjem ikkje på kvifor eg hadde latterkrampe i førre veke.

Du er med på 4-stjerners middag. Hvem er drømmegjestene dine (velg blant døde, levende eller fiktive) personer, hva blir underholdningen og hva serverer du?

Eg sa nett til mannen min at eg gjerne skulle ha snakka med den ungarske forfattaren Péter Esterházy. Eg kom over forfattarskapen hans medan eg gjorde research til eit anna prosjekt eg held på med. Han skreiv ei massiv bok der han heidra far sin. Like før boka gjekk i trykken, fekk han vite at faren hadde vore informant for det hemmelege politiet. Eg skulle gjerne hatt både han og faren til middag, og i tillegg bestemor mi som var så flink til å snakke med alle ho møtte. Underhaldninga skulle vore ridetur i sunnmørsfjell og eg ville servert pannekaker og pinnebrød frå bålet.