Hopp til innhold

– …kanskje den mest lærerike boka for meg som forfattar å skriva

Slottsparken ligger et steinkast unna kontoret vårt på Litteraturhuset. Når vi i Leser søker bok må ut å lufte hodet, trenger inspirasjon eller skal ta noen kjappe møter, går vi en tur i parken. Vi inviterer med oss noen av de vi samarbeider med inn i parken for å bli litt bedre kjent.

Kjære Ingelin Røssland, nå er du snart aktuell med boka OMG. Har du lyst til å bli med på en rusletur i Slottsparken med oss?

Ja, sjølvsagt! Eg blir alltid med på ein tur ut.

Forside Ingelin Røssland - OMG

Vil du fortelle litt om arbeidet med romanen?

Denne gongen gjekk det to år frå idé til ferdig bok. Det har vore ein prosess med ville kast og brutale omskrivingar og kutt i teksten. «OMG» er kanskje den mest lærerike boka for meg som forfattar å skriva. Den har gitt meg ei viktig lekse, nemlig at eg nok aldri blir utlært og ferdig som forfattar. Kvart einaste nye bokprosjekt gir meg ny innsikt og kunnskap.

Du har samarbeidet med Leser søker bok før, vil du fortelle litt om det?

Sist samarbeid blei til grøssarboka «Hevner». Dette var ein ny sjanger for meg. Veldig utfordrande det også. Eg likte godt måten eg blei pressa til å skriva presist men ikkje overtydelig. Hevner gav meg meirsmak og som eit resultat av den boka vaks ideen om OMG fram. Eg ville ha den same språklege utfordringa med den klassiske ungdomsromanen med ingrediensar som kjærleik, opprør og det å finna sin plass i verda.

Har du et favorittord?

Ransel

Hvis du må velge, liker du best å lese høyt eller bli lest for?

Eg er veldig glad i å lesa høgt. I sjølve skriveprosessen tenker eg mykje på at boka skal bli lese høgt, derfor les eg boka høgt for meg sjølv fleire gonger undervegs i prosessen. Då plukkar eg også ut mine favorittavsnitt som eg les høgt på lanseringar, festivalar og når eg er på skulebesøk.

Det brenner i huset ditt, hva gjør du?

Tar ungen under armen og spring ut. Går ut i frå at mannen tar med hunden.

Hva brenner du for?

Historiar. Det er like viktig som mat og sømn. Eg trur på historiane si kraft. Den krafta ei god historie har som kan endra livet til ein lesar, eller i det minste gi lesaren ei ny innsikt i verda vi lever i. Eg trur på at bøker gjer barn, ungdom og vaksne flinkare til å tenka sjølv. Eg brenn for at alle skal ha muligheit til å få kjenna på historia si kraft, lesa sjølv og kanskje også læra seg å meistra forteljarkunsten sjølv, om det no er muntlig eller skriftlig.

Hvilken bok har du gitt bort flest ganger bort i gave?

Eg gir ulike bøker til ulike folk. Noko med det beste ved å gi bort bøker er å pønska ut kva bok som passar til kva lesar.

Får du latterkrampe, kan du huske sist?

Ja, eg kan framleis få det. Eg kan ikkje huska sist det skjedde, og det er flaut å innrømma at eg ikkje får det så ofte som eg gjorde før. Eg er kanskje i ferd med å bli ein humørlaus surpomp?

Du er med på 4-stjerners middag. Hvem er drømmegjestene dine (velg blant døde, levende eller fiktive) personer, hva blir underholdningen og hva serverer du?

Gjestelista: Gud, Satan, Margaret Atwood og Ricky Gervais.

Underhaldninga er Pet Shop Boys sitt album Actually spela på ein kassettspelar i bakgrunnen om og om igjen.
Mat: Vin og brød. Berre det, eg har matforgifta meg sjølv tre gonger som resultat av eiga matlaging, og tar ingen sjansar med så fine gjester.

Forside Ingelin Røssland - OMG