Hopp til innhold

Hamna nesten i mi digitale papirkurv

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar, som skriv for både barn, ungdom og vaksne. I denne artikkelen skriv han om sitt første samarbeid med  Leser søker bok, som førte til utgivinga av ungdomsromanen «Smadra» i 2018.

Leser søker bok fyller 20 år i 2023! Denne teksten er ein del av ein serie artiklar kor gode samarbeidspartnarar skriv om eigne erfaringar med foreininga.
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Kva gjer du når du har eit manus på 30 sider og ikkje veit om dette kan bli bok? Sjølv vurderte eg å leggje manuset i mi digitale papirkurv og trykkje tøm.

Eg er ein person som prøver å kome i god tid før møter. Noko av det verste eg veit er å kome for seint, uansett kva eg skal. Ein dag, eg hugsar ikkje akkurat når, men det må ha vore i 2017, kom eg for tidleg til eit møte hos Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU). Eg blei ståande utanfor og kope, men så kom det opp ei scene i hovudet mitt. Eg tok fram mobilen og skreiv desse orda:

Ho slår.
Først ein gong.
Så ein gong til.
Eg dreg handbaken over munnen.
Eg klarer ikkje å skilje kva som er tårer,
og kva som er blod.
Ho plar slutte no.
Når eg græt, skjønar ho at det er nok.
Eg ser på henne.
Dei mørke auga.
Snart vil ho snu seg og gå.
La meg vere i fred.
Men så slår ho igjen.
I magen.
Eg sig saman.
Klarer ikkje å puste.
Når eg dett, blir det heilt stilt.
Og i all stilla, medan eg prøver å få tilbake pusten, tenker eg:
Dette har mor aldri gjort før.

Eg visste dette kunne bli noko bra. Men i løpet av sin skrivande karriere kan ein forfattar møte på ulike hindrar. Det er ikkje lett å få utgi ei bok. Det kan vere mange årsaker til det. Skrivesperre. Eit prosjekt som ikkje utviklar seg godt nok. Ein redaktør som ser ulikt på teksten enn forfattaren sjølv. Men også livet generelt. Tida strekk ikkje til. Ny jobb. Andre prioriteringar. Forfattaren som skriv jamt og trutt og leverer bøker nesten kvart år, er kanskje eit romantisert bilete av forfattaryrket, sjølv om det er mange forfattarar som klarar det. Uansett: Bak nesten kvar einaste bok er det mykje slit, mykje frustrasjon, mykje motstand. Uansett om ein gir ut ei bok kvar tiande år eller ei bok i året. Og kvar gong eg har begynt på eit prosjekt og har ei kjensle av dette dette kan bli bok, så følgjande tanke ned i meg: No blir det mykje jobb. Mykje jobb. Og kvar gong eg er ferdig med eit prosjekt, så tenkjer eg: Skal eg verkeleg igjennom dette igjen?

Nokre av dei hindringane eg skildra i førre avsnitt, møtte eg på sjølv i arbeidet med dette manuset. Blant anna hadde redaktøren eg tidlegare samarbeidde så godt med, no fått jobb i eit anna forlag som ikkje ga ut bøker for unge. Etterkvart hadde eg skrive rundt 30 sider som eg ikkje heilt hadde trua på. Og med tanke på alt arbeidet som ligg bak ei bok, tenkte eg: Skal eg leggje ned masse arbeid i eit prosjekt som kanskje ikkje utviklar seg?

 

«Samarbeidet med Leser søker bok lærte meg å vere enda meir språkleg bevisst og tenkje enda meir på kven eg skreiv for»

 

Men så såg eg ei utlysing om stipend hos Leser søker bok. Eg hadde lese fleire av bøkene som organisasjonen tidlegare hadde støtta med stipend. For eksempel Ingen ild tenner stjernene av Tor Fretheim, som i skrivestil var eit førebilete for meg, med sitt poetiske og knappe språk, som han nyttar til å skrive alvorlege bøker for unge. Og eg tenkte: Kanskje kan dette vere løysinga? Eg søkte og fekk tildelt stipend. Og gjennom manusfråsegn og dei første manusmøta med ein rådgjevar hos Leser søker bok, opplevde eg at dei forstod prosjektet og verkeleg hadde trua. Det var berre eit stort problem. Eg mangla forlag. Heldigvis ville Flamme ha manuset mitt, sjølv om dei på den tida eigentleg ikkje ga ut ungdomsbøker. Min tidlegare forlagsredaktør, som hadde gått til Flamme, såg også kvalitetane og meinte det burde bli bok.

Dette blei starten på det som til slutt blei ungdomsromanen Smadra. Men utan Leser søker bok, så hadde mest truleg ikkje blitt bok.

«Smadra» ble utgitt på Flamme Forlag i 2018, og den er støttet av Leser søker bok.

Samarbeidet med Leser søker bok lærte meg å vere enda meir språkleg bevisst og tenkje enda meir på kven eg skreiv for, noko som er viktig når ein skriv for yngre målgruppe. Dette tok eg med meg då eg kort tid seinare blei forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget. Der har eg også fått samarbeidd med Leser søker bok om bokprosjekter eg har vore redaktør for. Mi erfaring er at alle forfattarar blir meir bevisste om kva slags ord og formuleringar dei vel for at flest mogleg skal kunne lese forteljinga. At sjølv små endringar kan ha store konsekvens for dei som les i motvind. Bøkene som blir til i samarbeid med Leser søker bok er ikkje enkle bøker. Det er bøker som er blitt til gjennom ekstra redaksjonelle rundar med både mange og kritiske tilbakemeldingar til forfattaren. Å utgi ei bok i samarbeid med organisasjonen, skapar ekstra utfordringar og meir arbeid både for forfattaren og redaktøren. Men resultatet er verdt det. Både forfattar og redaktør har lært meir under prosessen, og alle lesarar, uansett om ein les i motvind eller ikkje, får ei kvalitetsbok som er ordentleg gjennomarbeida redaksjonelt.

For bøker utgitt i samarbeid med Leser søker bok er kvalitetsbøker. Det er bøker som både blir nominerte til prisar og vinn prisar. Sjølv opplevde eg at Smadra blei nominert til Kritikerprisen og kåra til ei av dei ti beste ungdomsromanane på nynorsk i dette årtusenet. Det var bra eg ikkje la manuset i mi digitale papirkurv og trykka tøm.

– Brynjulf Jung Tjønn