Hopp til innhold

Gamle menn og kjærleik

Tollak til Ingeborg av Tore Renberg er ein thrillerliknande studie i gamle mannsroller og kjærleik. Boka kom ut i 2020 på Cappelen Damm.

Det er kveld, Tollak er gammal. Han høyrer fortida til. Men noko er likevel i emning. Han tenker på det livet han har levd. 

Tollak har rota bort alt han har, kona, ungane og levebrødet. Som ein stabukk har han avvist alt nytt og alt som ikkje har svart til ideala hans for korleis ein mann skal vere og korleis livet skal levast.

Kona Ingeborg har milda noko av agga hans mot verda. Ho er alt han ikkje er; lett til sinns, tolmodig og glad i folk. Mange undrar seg over hennar val av make, men det er mykje nærleik og intimitet mellom desse to. «Eg er ein kjærleikens mann», seier Tollak, og det er sant, sjølv om både slekta og resten av bygda ville protestert på ei slik utsegn. 

«Du Ingeborg, sa eg og vende hovudet. Ho låg med attlatne auge, nokre hårtustar hadde klistra seg til den olivenfarga huda, og eg syntest ho var stas å sjå på. Det gjorde eg støtt. Dei såg det nok, grannane i dalen, kor stolt eg var av kona mi. Jaaa? Ho drog på lyden, dovent. Det er ikkje slik, sa eg, at om eg ikkje seier stort, så er eg ordlaus. Ho opna auga. Rørte på hovudet og såg på meg. Eg veit det, sa ho.»

Trass i at han er både taus og tverr er ikkje Tollak uinteressant. Det er ikkje eit ureflektert blikk Tollak vender mot verda og medmenneska sine. Det er berre det at han så sjeldan vender dette blikket mot seg sjølv. Det gjer vondt å snakka, konfliktar blir gjerne løyst med vald. «Det var far som lærte meg at det beste er å grava ting ned», seier Tollak. 

Tollak og Ingeborg har to barn, men tar òg til seg Oddo, ein gut som Tollak får eit spesielt forhold til.

«Tida gjekk, han vaks til, på sitt framande vis, og eg slutta å mase på han. Eg lét han vere Oddo. 

Han er ein bleik gut, han har blaute hender og redde auge, og inne i han er det ikkje som hos andre folk. Han sit inne på floren. Med garnet. Eg ser han kvar dag, eg tar hand om han, eg veit ikkje kven han er, men eg elskar han.»

Men det er noko som ikkje heilt stemmer med Tollaks forhold til Oddo, og kvar har det eigentleg vorte av Ingeborg? Noko er i emning.