Hopp til innhold

Fint og lågmælt

«No fær huset» av Laura Djupvik er ei samling med korte tekstar. Boka gjer inntrykk, ho er mild og vanskeleg å gi slepp på, utan å gjere noko stort nummer av seg.

I desse novellene blir vi kjende med heilt vanlege folk, einsame, lengtande, lettare skadde, vanlege folk med små, store og heilt vanlege problem. Huset fær, eller det fær ikkje. Uansett, vi gjer ikkje noko nummer av det. Ting flyttar seg nesten umerkeleg. Noko letnar, noko blir tyngre. Folk går på butikken og på jobb. Nokon døyr, nokon skaffar seg hund, ein får ny nabo eller eit barn. Vi  merkar knapt dei små skiftingane, men plutseleg endrar livet retning. 

Laura Djupvik har eit skarpt blikk på sine karakterar, men ho har òg ømhet for dei.  Humor er det òg, men ikkje av den høglytte sorten. Og det er håp:
«Eg gler meg over lyset, eg ventar, sjølv der nede i kjellaren kjenner eg at våren er på veg.»

Du finn fleire bøker av Laura Djupvik i Boksøk.  Dei er fine alle saman.
«Å, folkens, det er hardt å leva, men godt òg. Godt»