Hopp til innhold

Boktips: «Kvit, norsk mann» – Ei bok alle bør lese

Brynjulf Jung Tjønn skriv poetisk og utan store fakter, men er nådelaust direkte når han skildrar rasisme. Denne diktsamlinga gjer vondt. Det har me godt av.

Foto: Maria Kleppe Vihovde

Brynjulf Jung Tjønn pyntar ikkje på språket sitt. Ikkje noko er halvt skjult eller varsamt skildra i desse dikta. Han skriv poetisk og utan store fakter, men er nådelaust direkte når han skildrar rasisme.

I tankeløyse, i uforstand, har mange brukt ord som liknar dei i dikta til Tjønn. Ubehagelege spørsmål melder seg i lesinga. Har vi eit rasistisk tankesett i botn når alle desse orda kjem så lett? Kor ofte har vi ikkje orsaka ei tante, ein ven, ein nabo eller ein far? Sagt at dei ikkje veit betre? Eller orsaka oss sjølve for dei orda som glapp ut eller tankar som for gjennom oss?

Kvardagsrasisme kan høyrast mindre alvorleg ut, ein slags lettversjon du berre må rekne med. Som om det ikkje tel. Etter å ha lese denne diktsamlinga, veit du at slik er det ikkje. Orda legg seg. Lag på lag. Ord som fortel at du, du høyrer ikkje heilt heime her.

Korleis er det er å vera mål for alle desse orda? Kvar dag, eit heilt liv? Korleis treff, formar og skadar orda? Dikt etter dikt tek lesaren tett på og ei ny forståing fell på plass. Nokon lesarar vil kjenne seg att i dikta. Dei får bekrefta at dei ikkje er åleine med erfaringane sine. At opplevingane av utanforskap er sanne, at det ikkje er noko dei innbiller seg. Desse orda held folk utanfor og nede og det er ikkje mottakaren sin skuld. Dei kan løfte vekta frå eigne skuldrer og over på andre. På dei som enno ikkje har erkjent kor omfattande kvardagsrasismen er, og no får sjå verda frå ein ny vinkel.

Denne diktsamlinga gjer vondt. Det har me godt av.

 

«I eit bryllaup kjem brura sin far
bort til meg og spør
where are you from?

Eg svarar
at eg er norsk
at eg er adoptert frå sør-korea
men har vakse opp nesten heile livet
på ein gard på vestlandet

Han spør meg
om eg trivst
med å bu
i norge»

 

Boka finn du på biblioteket. God lesing!

Denne boka finn du i Boksøk.