Boktips fra Boksøk: Lettlesne ungdomsbøker på nynorsk
Den nynorske barneboksfestivalen «Falturiltu» opnar 1. november! Fleire av forfattarane vi har utvikla bøker saman med, deltar på festivalen: Rune Markhus skal være festivalutstillar.
Han står bak den ordfrie boka «En skrue løs» (Gyldendal 2016) og mottatt fleire prisar for sine illustrasjonar og bokomslag. Blant anna blei han prisa i kåringa «Årets vakreste bøker» for omslaget til «Så lenge ingen ser oss» av Anders Totland (Gyldendal 2017).
Ingelin Røssland kom nettopp ut med ungdomsboka «OMG» (Samlaget 2019). Ho møter Rune Belsvik til samtale. A. Audhild Solberg les frå grøssaren «Den svartkledde jenta» (Samlaget 2019) før festivaldeltakarane går ein tur innover i Hystadmarkjo der elevar frå Stord kulturskule opptrer med skumringsdans og andre kunstnariske innslag.
I tillegg reiser to av våre rådgivarane til festivalen for å delta på Falturiltuseminaret. Hanna Bovim Bugge skal snakke om lettlesne ungdomsbøker på nynorsk, mens Eivor Vindenes skal lede paneldebatten «Den vanskelege ungdomsboka. Treng me eigentleg sjangeren ungdomslitteratur?»
Tips til bøker på nynorsk:
OMG, Ingelin Røssland. Samlaget 2019.
Den svartkledde jenta, A. Audhild Solberg. Grøss og Gru. Samlaget 2019.
Mareritt, Linn T. Sunne. Grøss og Gru. Samlaget 2019.
Den andre søstera, Laura Djupvik. Grøss og Gru. Samlaget 2018.
Død eller levande, Lars Mæhle. Grøss og Gru. Samlaget 2018.
Den tolvte spelaren, Tor Arve Røssland. Grøss og Gru. Samlaget 2018.
Smadra, Brynjulf Jung Tjønn. Flamme 2018.
Bestem deg, Tony T, bestem deg!, Erna Osland (forfatter) og Sigbjørn Lilleeng (illustrasjonar). Samlaget 2017
Så lenge ingen ser oss, Anders Totland. Gyldendal 2017.