Hopp til innhold

Boktips: «Eg rissa desse runene» av Aina Basso

Verkelege runeskrifter dannar bakgrunnen for novellene i «Eg rissa desse runene». Med realisme og beisk humor skriv Aina Basso fram ei fargesterk verd vi kan undrast over, men og kjenner så godt igjen.

Foto: Oda Berby.

Dei korte novellene stammar alle frå sein vikingtid eller tidleg mellomalder, i og omkring byen som vi i dag kjenner som Bergen.

De fortetta fortellingane er fortalde med realisme og beisk humor, ein forteljarstil vi ofte knyter saman med vikingtida.

Vi blir kjende med vanlege folks liv slik dei var den gongen, og om liva deira var svært ulike dei vi lev i dag, så er dei menneskelege kjenslene dei same.

Kvardagen var prega av tungt fysisk arbeid, dårleg mat og tannverk, men og kjærleik, mykje kjærleik, i alle moglege formar, og det må også nemnast – ein god del vald.

I novella «Nonneseter» blir vi kjende med unge Eidunn som blir send i kloster mot si vilje.

«Eg har gråte meg i svevn mang ei natt og tenkt på korleis mor kunne gjere dette mot meg. Korleis ho kunne sende meg så langt vekk og vitje meg så sjeldan. Eg fylde elleve før sommaren. Ingen eg kjenner på min alder, er sende vekk heimanfrå enno. Verken til eit kloster eller nokon annan stad».

Stakkars vesle Eidunn, ei av mange som må bæra så alt for stor ei bør, men det finnest også draumar og håp, som i forteljinga om Sigmund og Oddlaug, som er barnlause, men som på eit vis får draumen oppfylt.

«– Ho vil kome og snakke med deg om dette sjølv, men ho ymta frampå om vi kanskje ville ta til oss minsteguten, no som han er avvend og har byrja ete vanleg mat. Ho vil betale oss for kost og klede, sa ho. Vi vil gjere henne ei stor beine om vi tek han.
– Eg veit ikkje kva eg skal seie, kviskrar eg.
Sigmund tek rundt meg, Eg lener meg mot han.
– Njål, kviskrar han etter ei stund. – Det var det guten i draumen skulle heite».

Nokre vanskelege ord og lange setningar finst det, men språket er munnleg og teksten har lesedriv. Nokre av karakterane dukkar opp i fleire noveller, enten berre i eit glimt, andre gonger som ein integrert del av handlinga. Slik vevast fortellingane saman til ein heilskap, eit bilete av ei fargesterk verd vi kan undrast over, men og kjenner så godt igjen.

Boka kan du låne på biblioteket.

Denne boka finner du i Boksøk.

God lesnad!