Boktips: «Badesommar» av Ruth Lillegraven – Ei diktsamling om alderdom og ungdom
Dette er ei bok for alle, og for Leseombod som les høgt for gamle på institusjon, er ho eit funn!
Ei bestemor snakkar til barnebarnet sitt som lyer og undrar seg. Den gamle fortel om livet sitt. Ho kjenner seg ung og gamal på same tid. Ho legg handa på brystet og fortel om alt som bur i ho.
Den vesle jenta får ein liten bror. Ho veks, meistrar utfordringar, ser at broren også veks og at bestemora eldast.
«Tikkinga
Eg tikkar og tikkar
er på nedteljing
seier mormor
Du tikkar òg
men oppover
heldige du som
tikkar mot alt som
skal og kan skje
Noko lyst og noko mørkt
livet sjølv
Ja, seier eg
kanskje det inni alle barn
finst gamle som tikkar
Og kanskje det inni alle gamle er
tikkande barn
Mormor nikkar
Er me stille no
høyrer me lyden av deg og meg
og alle».
Dikta kretsar kring eit gjentakande tema; liv som byrjer, endar og byrjer igjen. Det er barnet som fortel, men det er mormors stemme me høyrer tydelegast, vemodet hennar strøymer gjennom teksten. Ho har det lange blikket.
Den vesle jenta er i noet. Ho kan ikkje symje. Ho er redd for vatnet. Mormor er ein stødig og erfaren vaksen som jenta kan lena seg på når ho skal meistra det ho er redd for.
«Så vassar eg mot øya
anklar legar kne lår
mage bryst
Eg held pusten og tel
og så gjer eg det
Alt er svart og kaldt
men eg lever, rører
armane og beina
så går eg under
med hovudet
Det skjer det skjer
eg kan eg kan».
Slik ber me nye generasjonar fram, slik dei og ein gong skal gjere. Dikta er skrivne med mykje yngre lesarar i tankane, men boka egnar seg svært godt for eldre. Illustrasjonane er heller ikkje typisk barnslege. Dette er ei bok for alle, og for Leseombod som les høgt for gamle på institusjon, er ho eit funn!
Boka kan du låne på biblioteket.
Denne boka finner du i Boksøk.
God lesing!