Hopp til innhold

Boktips: «Kvil i fred» av Peter F. Strassegger

Etter at mora døde har livet gått av skjenene for Per. Far er inga hjelp. Han er oppslukt av si eiga sorg og ser ikkje sonen.

Det er fredag og berre nokre veker igjen til sommarferien. 15-årige Per og kompisen Oskar planlegg helga. Dei byrjar med å stela øl på Spar-butikken.

«Oskar går mot kjøleskapet.
«Er det ingen som lagar mat her i huset?» kviskrar han og nikkar mot det tomme kjøleskapet.
Eg ristar på hovudet.
«Men kva er dette?» seier Oskar oppløfta, og eg ser at han tek ut to øl.
«Kan me ta dei? Det ser ut til at far din har spart dei til oss.»
Eg ser at far framleis søv i sofaen. Me tek ølane med ut i hagen for å drikka dei til frukost, to flytande brød.»

Det blir nokre avgjerande dagar med destruktive og grenseoverskridande opplevingar. Per får oppleva den berusande fridommen som ligg i det å bryta alle reglar.

Dei som bryr seg og prøver å gripa inn, blir avviste.

«Eg skulle ønskja eg kunna hjelpa deg», seier han så med mild tone i stemma og foldar hendene på bordet. Han ser ut som ein sjenert ape, tenkjer eg og kjenner at eg er rasande! Kva vil han hjelpa meg for? Han skulle ha hjelpt meg før, då Åsmund banka meg opp i åttande klasse. Visste han ikkje om det? Det var då han skulle ha gripa inn, saman med alle dei andre vaksne. For det var då eg trong hjelp. Ikkje no! I åttande klasse var eg ein liten, pinglete gut. Og Åsmund, som eg trudde var ein kompis, hadde fått seg ein ny gjeng, ein fotballgjeng. Åsmund banka meg kvar dag i åttande!»

Forteljinga drivast fram i stort tempo og er svært truverdig. Den tek ungdom på alvor på ein måte som vi ikkje ser så ofte.

Boka finn du på biblioteket. God lesing!

Denne boka finn du i Boksøk.