Hopp til innhold

Overraskande krav og hendingar i livet til ein 12-åring

Arnfinn Kolerud har skrive ei absurd og morosam barnebok om lommepengar, sommarjobbar, og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.

Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko rart: Lommepengane snur! Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far. No er det hans tur til å bidra, seier dei.

Ivar må få seg sommarjobb, og tilbyr seg å flytte ting for folk. Venninna Maja har ikkje lenger tid til å leike med Ivar. Ho har fått seg sommarjobb på kafé.

På kafeen dukkar det opp ein gut som heiter Mons. Han brukar ord som Ivar ikkje kan, og ber rundt på ei padleåre.

Boka har korte kapittel og luftig oppsett.
Karakterane er få og tydelege.
Handlinga er lett å følgje.

Barne- og ungdomsbokforfattar Arnfinn Kolerud (Foto: Per Eide)

Utdrag frå boka

 

Mons ventar utanfor butikken.
Han vinkar til Maja med padleåra.
Åra ser ut som ei diger hand. Det må
vere fint å bli vinka til av ei så stor hand.
Ho vinkar tilbake.

Da Maja kjem fram, får Mons kjenne
på håret hennar. Ho snur litt på seg,
slik at han kan kjenne på begge
sider.

Ivar har aldri kjent på håret til Maja.
Han har aldri tenkt at hår er noko å kjenne på.

 

«Ivar får ansvar« er gitt ut på Det Norske Samlaget, og ho er støtta av Leser søker bok.

Les om boka i Boksøk. 

 

God lesning i Klassekampens bokmagasin!

«Ivar får ansvar» har fått en god anmeldelse av Helene Hovden Hareide i Klassekampens bokmagasin, hun skriver: «Medan mange kunstnarromanar for vaksne handlar om å lære seg å sjå som eit barn, handlar denne barneboka om å lære seg å sjå som ein vaksen. Det er mykje hovudpersonen vår gjer for fyrste gong denne sommaren, frå å vaske golv til å tenne eit temmeleg spektakulært bål, og det endrar korleis han ser på omgjevnadane … Eg set pris på korleis Kolerud får fram dette, og i den implisitte refleksjonen i romanhandlinga: Det såre ved å legge barndoms-sjølvet bak seg, men også den gode kjensla av å meistre nye utfordringar. I Kolerud sin prosa kryr det av gode formuleringar knytt til dette».

 

Fokustittel i NORLA
«Ivar får ansvar» er ein av NORLAs fokustitlar våren 2024.
Les meir her.