Hopp til innhold

Leser søker bok blir fødd

Anne Marit Godal var dagleg leiar i Leser søker bok i perioden 2003-2010. I artikkelen «Leser søker bok blir fødd» fortel ho historia om korleis foreininga vart starta.

Leser søker bok fyller 20 år i 2023! Denne teksten er ein del av ein serie artiklar kor gode samarbeidspartnarar skriv om eigne erfaringar med foreininga.
Anne Marit Godal på sitt kontor på Litteraturhuset, som daglig leder i Leser søker bok.

I eit mørkt, lite rom i ein bakgård i Bygdøy alle, installerte vi oss, spesialpedagog Sissel Hofgaard-Swensen og eg, med kvar vår pult og ein fasttelefon på deling. Sissel tok med seg kunst; eg tende stearinlys mot januarmørkret. Det var 2003: året for folk med funksjonshindringar. Vi var eit prøveprosjekt, utstyrt med eitt års arbeidskontrakt, lommepengar, og med ein fagrapport som ammunisjon. Før året var omme måtte vi ha skutt ein post på statsbudsjettet. For å gjere det ekstra komplisert, ville vi ha éin million kvar frå tre ulike departement (og i så fall stilte vi med ein million frå eigne rekker også).

Lobbyperm og funky flash
Politiske dyr veit at det er på vårparten budsjettbrikkane blir lagt i regjeringa. Når hausten kjem, er Stortinget siste sjanse. Då må du få med deg eit fleirtal på noko regjeringa ikkje føreslog. Lukke til!

Vi måtte dælje til, og det faderleg fort! Heldigvis var Marit Ausland frå NFFO styreleiar. Ho gav stort spelerom for rask handling, som då eg fekk innfallet om å lage ei nettside for å framstå som etablerte; på denne tida var det berre staten og DNB som hadde denslags. Ein ven av ein ven trylla fram ei side der den nyteikna logoen snurra rundt seg sjølv i funky flash-animasjon. Dessverre synte slikt seg å vere strengt forbode i standarden for tilrettelegging.

 

«Vi var eit prøveprosjekt, utstyrt med eitt års arbeidskontrakt, lommepengar, og med ein fagrapport som ammunisjon.»

 

På den andre sida var nettsida mest staffasje. For å gjere inntrykk, måtte sterkare lut til. Eg såg for meg korleis eit einskild brev med det forsiktige namnet «Leser søker bok» forsvann sporlaust i bunkene av sakspapir som fløymde i Storting og regjering … Løysinga blei ein lobbyperm, med brei rygg som kravde å bli oppdaga inni papirhaugane. Oppi permen putta vi to brevark med så få ord at dei gjekk raskare å lese enn å putte i søplebøtta. Ein velvilling stortingsrepresentant frå AP sa ja til første møte. Etterpå sneik eg meg bort til posthylla og tømde veska: Lobbypermar, med rygg, blei lagt i dei opne posthyllene til alle representantar i tre stortingskomitear: Logoen vår lyste frå nær ein fjerdedel av hyllene. Det gjaldt å heilgardere seg.

Frå 3 % til 30 %
Fagrapporten vår var full av bittesmå ikkje-lesargrupper, og eg innsåg raskt at det var umogleg å skaffe millionar til så små tal. Men: Rapporten hadde nokre høge tal også, innvandrarar og dyslektikarar inkludert. «Ein av tre» sleit med å lese – det var eit stort samfunnsproblem! Eg var tilsett som boklobbyist, og valde det største talet eg fann. Ein vårdag kom telefonen ein kvar lobbyist kan drøyme om. Det var Sissel som svarte. Kulturdepartementet ville vite om det var heilt sant at 30 % sleit med å lese? Den grundige, moderate pedagogen nølte: nja… Så skreiv ho ein post-it lapp på pulten min.

Den dagen blei Sissel og eg først samde om ikkje å svare ut kvarandres saker på fasttelefonen. Så starta faktasjekken. Departementet fekk si utgreiing av komplekset, med samanlikningar av ymse tal og forskingsdokumentasjon. I august kunne vi opne kulturmeldinga. Dei hadde vald seg talet 20: «Om lag 20 pst., dvs. ca. 900 000 menneske, har problem med å lesa og forstå innhaldet i ein vanleg tekst.» (1) Derfor var det viktig med «utvikling, produksjon og formidling av tilrettelagd litteratur for alle former for lesehemmingar», skreiv meldinga. Men, som kaldt vatn i blodet, stod det vidare: «Dette er eit oppgåvekompleks som vedkjem fleire departement».

Sissel Hofgaard-Swensen og Anne Marit Godal.

 

Om å selje skinnet
Vi fekk møte sjølvaste kulturministeren. Det gjekk så bra at ho takka ja til å lansere den aller første katalogen vår, helst før valet … Katalogen skulle vise fram arbeidet vi hadde gjort. Men av alle manusa som hadde fått støtte (også i eit forprosjekt for manusutvikling før 2003), var berre nokre få bøker klare i trykken. Vi fann råd: Eitt av manusa var eigentleg eit kunstprosjekt med planar om utstilling på Det Norske Teatret. Perfekt for ein nynorsk statsråd! Med kunst for svaksynte på veggane, lanserte Valgerd Svarstad Haugland vår første katalog, av bøker som strengt tatt enno ikkje var å få kjøpt.

Men ballen var langt frå i mål. No visste vi at kulturministeren ville, vi ante at helseministaren frå KrF var med, men: Statsråd Clemet frå Høgre var tydeleg, eller rettare sagt: utydeleg: «Uansett hva Utdannings- og forskningsdepartementet har muligheter for, støtter vi mange tiltak …» (2) blablabla. Då statsbudsjettet kom, var det utan eit ord om Leser søker bok. Eg spurta ikring på Stortinget. Med ulike manus for kvart lobbymøte, fekk eg politikarar i dei tre komiteane til å bla i bøkene våre, medan eg prata på inn- og utpust om den eine eller andre trengande gruppa, alt ettersom kva parti eg hadde framfor meg. Føleboka tilpassa svaksynte samiske barn, med stinkande reinskinn, gjorde særleg inntrykk. Dei kom i alle fall ikkje til å gløyme oss.

Om det var dei stadige lobbypermane (med rygg) eller dufta av reinsdyr som gjorde susen, er usikkert. Det hjelpte nok også at vi fortalde Stortinget kor statsråd Clemet gøymde pengar dei kunne ta av. I desember var ein einstemmig utdanningskomite klare: På eit så høfleg språk at lekfolk kunne tru det var lett syrleg, instruerte dei Clemet i nøyaktig kor ho skulle finne den eine millionen vår (3).

Snipp snapp
Millionane kom på konto, vi blei eit treårig «prøveprosjekt», no med to rom og kjøkken. Fredrik Mellem blei tilsett for å lage «Bok til alle»-bibliotek; vi starta med å få heile den private boksamlinga til Sissel inn på Torshov bibliotek. Adressa boksok.no blei kjøpt opp, til seinare irritasjon for forleggjarar som forsøkte å kome seg på nett. Med nye informasjonskanalar blei det naudsynt å rydde, både i språkbruken vår og i faktiske krav til tilrettelegging for særs ulike lesehindringar. Der både svenskane, avisa Klar Tale og forlaga skreiv «lettlest», strauk vi ordet rundt baut. Skilnaden mellom «enkel tekst» og «enkelt innhald» blei definert. Det var på høg tid.

Stadig fleire forfattarar og forlag søkte støtte. Vi fekk eit litterært råd, der pedagogar blei samde med forfattarar om kven som fortente pengar. Forfatterforeininga kom med, etter først å ha peika på at det fekk rekke med barne- og ungdomsbokforfattarane! Stor var dagen då ein av landets mest kjende skjønnlitterære forfattarar lot seg overtale til å skrive for oss. No kunne vi prove at enkel tekst kunne ha litterær kvalitet! Så fekk han ein jarnstong i hovudet.

Men oftast gjekk det bra: Frå Grafill kom biletbokforfattarar som Anna Fiske seilande. Andre kom til oss med tunge, men fantastiske faglitterære manus, som Anna Luise Kirkengen. Vi redigerte og lærte, pussa og slipte, til «bare dei enkle orda stod igjen». Vi lærte oss kva som fjerna hindringar for kven.

 

«Skilnaden mellom «enkel tekst» og «enkelt innhald» blei definert. Det var på høg tid.»

 

Vi trengte fleire hender, helst billige i drift. Sivilarbeidarstilling blei lyst ut, og første tilsette blei stort sett sittande på det einaste ledige rommet; på do. Så ringte ei kvinne. Ho insisterte på å vere relevant, trass manglande innrulling i sivilforsvaret. Slik blei Guro Djupvik sittande og lese manus i «stillerommet» i bakgården, heilt til dagen ei rotte helste på. Behovet for meir plass var akutt.

Løysinga kom: Fritt ord ville lage Litteraturhus, og ønska ein sosial profil. Slik hamna vi, med kvart vårt kontor, i bokbransjens flottaste hus, og med utsikt over den fjongaste gata i byen. Her fann vi på «Ordknappen», «100-lista» og serien «Litt å lese», med kjende forfattarar delt ut på arbeidsplassar og vaksenopplæring. Var ikkje Per Petterson og Vigdis Hjorth høgverdig litteratur, kanskje? Vi vann Jonas-prisen og Folkeopplysingsprisen. Vi reiste til internasjonale «Easy to read network», og forsto at vi var på veg til å få til noko ingen hadde klart før oss.

Samtidig passa vi på at Stortinget heia, i merknad etter merknad: «Komiteen meiner det er viktig å etablere tryggare rammer rundt prosjektet Leser søker bok.» (4) «Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, mener det er viktig at det blir gitt ut tilrettelagte bøker.» (5) Då den treårige prøvetida var over, blei ein lunken statsråd Giske møtt av ein stortingsrepresentant som oppsummerte arbeidet vårt slik frå landets viktigaste talarstol: «53 titlar er produsert. Bøkene er ikkje berre godt tilrettelagt for målgruppene, men har samtidig fullverdig litterær kvalitet. Noreg er første land i verda som klarer dette i ein slik målestokk. LSB har laga kjelder for informasjon om utvalet av bøker: Katalogen Bok til alle og www.boksok.no er verdas første nettside i sitt slag. LSB har på kort tid kome svært langt i å løyse ei sentral kulturpolitisk utfordring: Gje alle eit tilbod om litteratur.» (6)

Lobbypermane hadde blitt opna. Bjørnen var skoten. Talet for målgruppa vår var jekka opp til 30 %. Samtidig, i kafeen på Litteraturhuset, sat Sissel, og hadde lesestund for folk med utviklingshemming. Tida på mørke bakrom var forbi.

 

  1. Stortingsmeldinga «Kulturpolitikk fram mot 2014», 2003
  2. Kristin Clemet (H) i debatt med Britt Hildeng (AP) om Stortingsmeldinga «Ei blot til Lyst», 2003.
  3. Utdanningskomiteen i merknad til statsbudsjettet, 2003
  4. Kulturkomiteen i merknad til statsbudsjettet, 2004
  5. Kulturkomiteen i merknad til statsbudsjettet, 2007
  6. May-Helen Molvær Grimstad (KrF), spørsmål til kulturminister Trond Giske (AP), 2006