Hopp til innhold

Helga og Hugo – og Erna og Inger Lise

Endeleg kjem det ei bok som er laga spesielt med tanke for personar med demens. Dette er ei gruppe lesarar som ofte berre gir opp å lese, fordi dei lett mistar oversikta over handling og personar i ein vanleg roman.

Øverst: Inger Lise Belsvik (Foto: Siri Vaggen Olsen). Nederst: Erna Osland (Foto: Lene Løtvedt).

Boka om Helga og Hugo er ein illustrert roman med korte forteljingar om dei to, livet deira saman, dei daglege gjeremåla gjennom skiftande årstider. Og følgjer dei gjennom ein periode der Helga begynner å gløyme, og treng hjelp av Hugo til å ha gode og trygge dagar.

Erna Osland og Inger Lise Belsvik har hatt bruk for både livserfaringarne sine og erfaringane frå sine mange år som forfattar og illustratør for å skape dette nybrottsarbeidet. Helga og Hugo vil gjere nytte for seg både blant dei lesarane boka er skriven for, blant pårørande, og i lesestunder ved aldersinstitusjonar. Men truleg vil det ikkje stoppe der. Dette er ei hjartevarm bok om to menneske som har hatt eit godt liv saman, og som stiller opp for kvarandre også når vegen begynner å bli humpete.

Leser søker bok har tatt ein prat med forfattar Erna Osland og illustratør Inger Lise Belsvik om boka.

Korleis oppstod ideen om å lage ei bok retta inn mot personar med demens?

ERNA: Som dei fleste i min alder, kjenner også eg folk med demens. Men eg vil ikkje seie at det var dei som gav meg ideen til boka. Da vil eg heller peike på meg sjølv, mi eiga glede over ord, og spesielt det skrivne ordet. Å lese er ei av dei heilt store gledene mine, slik har det vore sidan eg var lita jente, og det at eg nå er i ein alder der eg kan få ein sjukdom som kan ta frå meg denne gleda, opprører meg. For kva skal eg lese om eg blir råka av demens? Kven skal lese for meg?

Dei bøkene eg les nå, krev eit friskt sinn, det er hovudregelen. Så om språket begynner å svikte meg, mistar eg også leselysta da? Eller kan eg gjere som når eg går tur med mine slitne kne, passe til turen – lage meg ein «tur» som eg kan greie og som gir meg stor glede, nesten like stor glede, som før da eg sprang på alle toppar?

Eg ville altså prøve om det gjekk an å lage ein slik tilpassa litterær tur. Eg ville prøve å skrive ei bok for dei som må ta omsyn til dagsform og helsetilstand. Med andre ord: Kan ein kort, tilpassa tur gjere deg glad?

Så da er – langt om lenge – svaret på spørsmålet: Nei, det er ikkje andre sin demens som har fått meg til å skrive. Det er mi eiga glede over det skrivne ord og frykta for å misse denne. Å skrive boka om Helga og Hugo er eit forsøk på å peike nase til demensen. Høgttravande og frekt! Og umogeleg! Men det er lov å prøve seg – med gode hjelparar. For hjelp har eg fått, både av dei som kan om demens og dei som kjenner kunsten å lese. Og så har det vore til hjelp at eg i heile mitt yrkesaktive liv har arbeidd for at alle skulle kunne få lese. Som forfattar har eg kjent det naturleg å møte lesarar som treng ei støttande hand. Mange som skriv for barn og unge, har det slik. Det er naturleg å tenke på og ta omsyn til lesaren. Og det kunne eg vel gjere med denne boka også? Tenkte eg. Eg måtte berre bli kjend med den tenkte/utpeika lesaren.

Har de personlege erfaringar med denne brukargruppa?

INGER LISE: I tillegg til å vere illustratør, har eg i fleire år hatt ei lita helgestilling som assistent på ei demensavdeling. I førstninga var det nok berre for å ha noko fast inntekt. Det har du ikkje som illustratør. Men ganske snart blei eg så frykteleg glad i desse menneska! Eg kjende ei stor glede i å vere der for dei, i stell og i sosialt samvær.

Eg er ikkje utdanna, men fekk god opplæring av kollegaene mine, og så fekk eg jo erfaring etter kvart. I nokon av situasjonane, når du kjenner pasientane, kan du bruke både sunn fornuft og intuisjon. Nokon gonger skal du berre vere medmenneske.

Boka er laga for at personar med demens sjølv skal kunne lese, eller at dei kan lese saman med familie eller pleiarar. Kva måtte de tenke spesielt på når de skreiv og illustrerte for desse lesarane?

INGER LISE: For å gjere bilda lette å «lese» for ein person med demens, har det vore viktig å gjere dei tydelege. Kraftige konturar gir god kontrast Få fargar gir mindre å forhalde seg til, bildet «flimrar» ikkje. Med få detaljar kan den som ser konsentrere seg om dei viktige elementa i bildet.

Det er viktig at sjølve vinklinga er nokså rett fram, at ein ser bildet rett forfrå, som på ei scene. Det gjer at ein med svekka syn og andre evne lettare kan få med seg kva som skjer i bildet. Som illustratør er det freistande å variere vinklinga på nokre av bilda, sjå det heile ovanfrå for eksempel, eller frå golvet. Dette handlar om dramaturgi og at den som blar i boka skal få variasjonar i det visuelle. Her var det viktigare å lage lettlesne bilde!

På nokre få bilde er det andre karakterar med. Ein svigerson, eit lite barnebarn i ei vogn. Dette er kanskje meir enn nok i tillegg til hovudpersonane i ei slik bok. I eit par kapittel møter vi også Helga og Hugo som barn og unge. Slike hopp i tid kan vere problematiske å følgje, både for lesarar med demens og andre utrente lesarar.  Dette har vi vore bevisste på i både tekst og bilde, Erna og eg.

Men dyr, det kan vi ha med! Dei kan det nesten ikkje bli nok av. Eg har lagt merke til at det er mange med demens som hugsar kva dyra heiter, og som framleis har sterke kjensler for dyr dei har vore glade i, sjølv om kjenslene for dei næraste menneska endrar seg.

Korleis har de samarbeidd om boka, og korleis har prosessen vore?

ERNA: Eg sette i gang med hjelp frå dei som kunne noko om demens. For dei fanst i min næraste krets. Så om eg kan forstå spørsmålet slik at eg kjenner dei som har kunnskap og erfaringar med brukargruppa, som veit mykje om demens, er svaret straks og greitt ja. Eg har ein son som er alderspsykiater, og eg liker å høyre han snakke om dette han kan så godt. Koss dei forskar på sjukdommane som gir oss «vondt i» språket. Dei gjer framsteg, dei undersøker og finn ut. Og eg er altså så heldig å kunne få spørje om kva eg vil, og få svar. Klart det motiverte og gav hjelp til å skrive om Helga og Hugo. Skrive ei bok som kanskje kunne utløyse leseglede, sjølv om lesaren hadde fått dei språklege utfordringane denne sjukdommen gir. Sonen min gjorde meg kjend med eit fagfelt og dei fagfolka som hadde den kunnskap eg trong. Og i tillegg fekk eg jo hjelp frå Leser Søker Bok, som har lang røynsle i det å nå lesarar som har spesielle utfordringar med det skrivne ord.

Og sist men ikkje minst  – da eg oppdaga at boka trong illustrasjonar, var eg så heldig å få Inger Lise med, ein dyktig og erfaren illustratør, som arbeidde på ein aldersinstitusjon, og som hadde det tolmodet som skulle til for å gjere ein slik jobb.

Boka er ein illustrert roman, bygd opp av små forteljingar. Det er lagt vinn på at forteljingane skal vere lette å komme inn i, dei tar utgangspunkt i situasjonar som lesarane fort kjenner igjen, og dei handlar om livet slik det opplevast av folk som har levd ei stund. Slik får lyttaren/lesaren hjelp med lesinga/lyttinga. Og illustrasjonane hjelper til, det har Inger Lise sørga for.

Det har vore ein lang veg fram til ferdig manus. Det tar tid å skrive enkelt. Ein skal prøve, og feile, og prøve igjen. Ein må heile tida spørje seg: Går det an å seie dette enklare? Klårare? Betre?

Nå når boka endeleg er ferdig, står det likevel att å finne svar på nett det: Gjorde vi det rette for dei lesarane vi vil nå? Det blir ei spennande tid framover – nesten nervepirrande å følgje med koss lesarane møter boka!

INGER LISE: Ein illustratør er ein veldig visuell person. Å vere så nær desse gamle menneska i kvardagane deira skapte bilde oppi hovudet mitt anten eg ville eller ei. Eg la merke til korleis livet hadde slite ut kroppane deira, gitt dei krokete hender og ryggar. Og så fine, furete fjes. Eg såg korleis ein bevegar seg når ein er over 90, korleis ein held kaffikoppen når hendene skjelv litt, korleis ein legg seg til i senga om kvelden. Det var noko svært vakkert over dette. Hadde det vore mogeleg, ville eg kanskje berre ha sete og teikna dei i staden for å stelle med dei!

Men synet av dei lagra seg i hovudet mitt. Og så dukka dei fram att når eg sat på kontoret mitt. Sjølvsagt var det ingen konkrete personar eg gjenskapte på papiret. Eg har vore svært nøye på å dikte opp Helga og Hugo som eigne karakterar, med heilt eigne ansikt og kroppar. Men dei består kanskje likevel av eit slags minste felles multiplum av dei pasientane eg har jobba med.

Det at eg har jobba såpass lenge med eldre trur eg har gitt meg ein stor ømheit overfor denne gruppa menneske. Og eg håper at eg har fått til å gjenskape denne ømheita i illustrasjonane mine.

Har de tips eller tankar å dele med dei som skal formidle boka?

ERNA: Litt veit vi, for alt før boka kom ut, var Inger Lise og eg ute og las for brukargruppa, eit publikum med høgst ulikt bruk av det skrivne ord. Og da oppdaga vi dette: Det må vere ro i lesestunda. Det må vere høve til å samle seg, og å konsentrere seg. Ein må ta seg tid, gi orda og setningane tid. Og det gjekk eigentleg greitt med denne boka, for her er så korte forteljingar. Ei lesestund treng ikkje mange minuttane!

Ro over lesestunda var altså det viktigaste. Å gi ro og tid til den du skal lese for. Tid til å tenke seg om, tid til å stille tankane inn på det som skal skje i forteljinga.

Vi har først og fremst skrive boka for den som vil lese sjølv, trass i sjukdommen som svekker leseevna. Men boka, trur vi, kan også vere for høgtlesing, ho kan bli brukt til å skape lesestunder der dei som blir leste for, kjenner seg så trygge at dei kan glede seg over ord og setningar som er lette og gode å forstå. Sjølvsagt vil det bli krevjande for nokon, men det skal også vere mogeleg, trur vi, å kjenne at ein først og fremst får. For slik er det jo med lesegleda, den krev noko av oss, men den gir meir enn den krev. Og illustrasjonane dei er der når orda ikkje når fram!