Hopp til innhold

– Eg ville skrive ei bok på hjartespråket

– At boka skulle vere lettlesen, var ei utfordring. Det var mykje vanskelegare enn eg trudde, seier A. Audhild Solberg om «Den svartkledde jenta».

Foto: AKAM1K3
I mars tek vi ein tur med A. Audhild Solberg som har skrive «Den svartkledde jenta«, ei bok i Grøss og Gru-serien. Slottsparken ligg eit steinkast unna kontoret på Litteraturhuset. Når vi i Leser søker bok må lufte hovudet, treng inspirasjon eller skal ta nokre raske møter, går vi ein tur i parken. Vi tek med oss nokre av dei vi samarbeider med inn i parken for å bli litt betre kjent. 

Er du klar for ein liten rusletur i Slottsparken?
Altså, nå er det jo hålke der ute, så kva med ein kaffe på Litteraturhuset i staden? Eg sit og skriv i etasjen over dykk, så vi får i alle fall rusla ned trappa!

Det er snart vår og heldigvis ikkje fullt så mørkt og kaldt lenger, eller kanskje du er eit vintermenneske?
Nei, eg er eit haustmenneske. Eg elskar fargane om hausten, den klare lufta, at alt begynner igjen etter sommarferien. Som barn var eg typen som gleda meg vilt til skulestart. Nå gledar eg meg til alle forlagsfestane. Men eg liker våren også, å skifte til lågsko og tynn jakke og sjå den småstusslege Oslo-snøen smelte bort.

Du har jo skrive ein heil serie om Superbitchene tidlegare, denne gongen er det grøss og gru med boka «Den svartkledde jent. Kva fekk deg til å skrive ei bok med støtte frå Leser søker bok?
Det var ein kombinasjon av fleire ting. Eg har nynorsk som hovudmål, og etter fire bøker om superbitchene på sidemål ville eg gjerne skrive ei bok på hjartespråket. Eg var allereie i kontakt med Samlaget om eit anna prosjekt, men da Grøss og gru blei nemnt, tente eg meir på det. Eg diggar skrekk og grøss. At boka skulle vere lettlesen, var ei utfordring. Det var mykje vanskelegare enn eg trudde, men eg fekk heldigvis god hjelp av dykk.

Hanna i «Den svartkledde jenta» har ein ganske mykje eldre kjæraste med bil. Veldig gjenkjennande for oss som har vakse opp på bygda. Har du sitti mykje i baksetet i ungdomstida sjølv?
Ikkje ein drit, haha! Eg kjem frå ei lita bygd sjølv, men sat langt oftare på rommet og las enn i baksetet på bilar. Da andre rægga rundt med lokale hønks, drøymde eg om å bli kurtisert av Mr. Rochester og Mr. Darcy. Eg var ein klisjé av ei lærardotter.

Kva for bok har du gitt flest gongar i gåve?
Heilt ærleg, det er jo mine eigne bøker; dei strør eg om meg i aust og vest. Eg har til og med begynt å lodde dei bort når eg er på skulebesøk. Elles tenker eg på kva mottakaren vil like å lese, og sidan smaken er som baken, er det sjeldan eg gir same bok til fleire.

Har du ei særskild leseoppleving som har utmerka seg?
Dette spørsmålet har eg hatt same svar på sidan eg var 17: Anne fra Bjørkely av L.M. Montgomery, Jane Eyre av Charlotte Brontë, Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo og Alberte-trilogien av Cora Sandel. Ingen bøker har målt seg med desse dei siste 26 åra, viss vi snakkar om leseoppleving og ikkje berre litterær kvalitet. Det er kanskje litt rart – eg har studert og jobba med litteratur nesten like lenge – men det seier samtidig noko om kor sterkt bøker treffer oss når vi er unge.

Likar du best å lese høgt eller bli lest for?
Å lese høgt for andre, utan tvil. Eg er veldig glad i å lese frå bøkene mine når eg er på skulebesøk. Å bli lest for kan vere ei delt glede. Går det for sakte, blir eg utolmodig. Det må dessutan vere innleving der og variert stemmebruk. Med fare for å vere ein av dei: Nokre forfattarar er utruleg kjedelege å høyre på. Ein forfattar som derimot er god til å lese høgt frå eigne bøker, er Vigdis Hjorth.

Det brenn i huset ditt, kva gjer du?
Eg spring ut. Er det andre der, håpar eg at eg får med meg dei også.

Kva brenn du for?
Her burde eg kanskje svart miljøet. Men reint emosjonelt brenn eg meir for kvinner og jenters rettar, ikkje minst i land vi ikkje liker å samanlikne oss med.

Får du fort latterkrampe? Kan du hugse sist gong?
Eg ler ofte og fort, ja. Sist eg lo høgt fleire gonger, var da eg såg The Square av Ruben Östlund. Strålande film.

Du er med på 4-stjerners middag, kven er draumegjestane  dine (daude, levande eller fiktive karakterar) og kva for underhaldning vel du? Og ikkje minst, kva står på menyen?
Skal vi sjå! Jesus må med. Guds sønn eller ikkje, eg vil gjerne sjå korleis han var, og høyre all the juicy details. Charlotte Brontë får også komme. Eg har lese fleire biografiar om henne, og ho fascinerer meg stort. Ho var imidlertid inga selskapsløve, så eg får invitere forlagsbransjens mest sjarmerande mann også, Trygve Åslund, forlagssjef i Aschehoug. Han kan dessutan spele gitar, akkompagnert av Ragnar Hovland på ukulele. Maten og vinen sørger Jesus for.

Portrettfoto av A. Audhild Solberg: AKAM1K3