Ein tur i Slottsparken med Brynjulf Jung Tjønn

Slottsparken ligg eit steinkast unna kontoret på Litteraturhuset. Når me i Leser søker bok må lufte hovudet, treng inspirasjon eller skal ta nokre kjappe møter, tek me ein tur i parken. Me inviterer nokre av dei me samarbeider med inn i parken for å bli litt betre kjent. I haustregnet tek med me oss forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. Han har skrive fleire barne – og ungdomsbøker,  Smadra er den fyrste han gir ut i samarbeid med Leser søker bok.

Gratulerer med ny bok! Det vart mykje gråting på kontoret då me las ho. Ei ungdomsbok om ei mor som slår, det er ikkje vanleg kost. Me kan ikkje hugse å ha lese norsk ungdomslitteratur om det temaet, har du?
Nei, eg har ikkje gjort det. Men sjølv har eg skrive ei barnebok som handlar om ei ustabil mor som oppfører seg trugande overfor sonen sin. Det var mi aller første barnebok, ”I morgen skal vi sitte i solen” (2009). Det viser seg at eg ofte vender tilbake til dette temaet: Omsorgspersonar som sviktar. Eg veit ikkje heilt kvifor. Det kan vere at det er naturleg for meg å skrive frå eit barns synsvinkel og at eg ynskjer å vere på barnet si side. At eg vil fortelje barnet si historie.

Korleis starta dette bokprosjektet?
Eg skreiv eigentleg på eit anna manus for ungdom, der også Milad var med. Men eg fekk det ikkje heilt til. Og det er ofte slik prosjekta mine startar. At eg leiter etter ei scene eller eit bilde som eg føler kan opne opp noko for skrivinga mi. Eg må finne ein tone, eit språk, som eg klarer å skape karakterer og ei truverdig historie med. Og med ”Smadra” starta det rett og slett med opningskapittelet. Dei første orda som dukka opp i hovudet mitt var ”Ho slår”. Og så skjønte eg etterkvart at det var ein omsorgsperson som slo barnet sitt.

Når du er ute og går, i ein park eller kanskje på fjellet, kva høyrer du på?
Eg høyrer på musikk. Og gjerne norsk og nordisk musikk. Som Susanne Sundfør, Sigrid, Dagny og Robyn.

Har du eit parkminne?
Då eg flytta til Oslo for aller første gong, i 2002, følte eg at alt var så uoversikteleg og stort. Eg budde i Vika og måtte gå igjennom Slottsparken for å kome til høgskulen, kor eg studerte journalistikk, ein park eg berre hadde lest og høyrt om. Etterkvart blei eg veldig glad i denne vegen, gjennom Slottsparken. I dag bur vi rett ved ein liten park, Halsparken, kor barna aker om vinteren og kor dei kan springe rundt i resten av året.

Kan du hugse ditt første bokminne?
Det må vere at farmora mi leste Kardemomme By då eg var liten.

Likar du best å lese høgt eller bli lest for?
Eg blir sjeldan lest høgt for. Kanskje eg skulle prøve det saman med kona? Men eg synest det fint å lese for barna.

Det brenn i huset ditt, kva tek du med deg?
Familien min, naturlegvis. Når det gjeld ting …. hm, eg veit ikkje. Vel, vi har eit par kunstobjekt som har ganske stor affeksjonsverdi. Eit bilete av Nico Widerberg som eg fekk av svigermor til 30 årsdagen min. Ho hadde sjølv fått den i gåve. Og ein skulptur av Skule Waksvik som kona mi har arva. Dei kan ikkje erstattast.

Kva brenn du for?
I livet mitt så brenn eg for barna mine. I arbeidslivet brenn eg for å hjelpe forfattarar til å skrive best mogleg bøker for barn og ungdom. Og så brenn eg også for å skrive sjølv.

Du er med på 4-stjerners middag, kven er draumegjestane  dine (daud, levande eller fiktive karakterer) og kva for underhaldning vel du?
Første gongen eg var på skrivekurs, eg var vel 15 år, var no avdøde Rolf Sagen lærar. Eg hugsar han var streng, men eg blei voldsomt inspirert. Eg skulle ynskt eg hadde fått treft han og fortald han det. Tor Fretheim, som er ein forfattar eg ser veldig opp til. Og Gro Dahle. Gjennom å lese dikta hennar på vidaregåande oppdaga eg kva lyrikk kunne gjere.

Kva står på menyen?
Eg hadde satsa lokalt.
Forrett: Gamalost frå Vik.
Hovudrett: Hjort frå skogen rundt garden vår.
Dessert: Bringebær og is frå heimbygda mi, Feios.

Skrevet av evarekve den 27. september 2018.