Ein førjulstur i Slottsparken med Laura Djupvik

Slottsparken ligg eit steinkast unna kontora våre på Litteraturhuset. Når me i Leser søker bok må lufte hovudet, treng inspirasjon eller skal ta nokre kjappe møter, tek me ein tur ut i parken. No inviterer me nokre av dei me samarbeider med inn i parken for å bli litt betre kjent. I ei travel førjulstid tek me med forfattar Laura Djupvik som har skrive ein skikkelig grøssar av ei spenningsbok, «Den andre søstera«.

Hei Laura! Korleis går det?
Det går bra, takk! 

Er du klar for ein liten rusletur i parken?
Superklar! Det er rim på trea, alt er fint.

Kva fekk deg til å skrive ei spenningsbok? Du har skrive både for barn og vaksne, men dette er vel den fyrste i denne sjangeren?
Ja! Eg skreiv på ein roman for vaksne der eg fekk ein ide om ei jente og eit spøkelse. Men det passa ikkje inn i romanen. Og så let eg det stå for seg sjølv. Då kom forteljinga!

Denne boka er ein del av Grøss og Gru-serien. Er du lettskremt, går du til dømes i parken i mørkeret åleine?
Både og! Eg kan godt vere ute åleine, men om fantasien set i gang, ser eg skuggar og noko «rart» bak kvart hjørne. Parkar er eg ikkje så redd for. Eg er mest redd innandørs og på litt slike aude togstasjonar, svære tomme plassar med nedlagd industri og bygningar med knuste vindaugsruter som liksom skrik i smerte … om du forstår.


Kan du ikkje anbefale oss ei skikkelig god spenningsbok? Eller kanskje ein grøssarfilm?
Psycho eller Den sjette sansen! Eg elskar eit godt gys, men er nok mest glad i spenning der det psykologiske spelar inn, til dømes der vi som les/ser lurer på om det verkeleg er slik, eller om det «berre» er hovudpersonen som opplever det slik.

Har du eit bokminne som har festa seg?
Mange! Ei bok eg alltid har likt godt er til dømes Heidi av Johanna Spyri.

Likar du best å lese høgt eller bli lest for?
Eg likar godt å lese høgt! Og eg er så glad for at eg har nokon heime som elskar å bli lest for. Men om nokon les for meg, likar eg det òg.

Det brenn i huset ditt, kva tek du med deg?Om mann, barn, hund og katt er ute … tar eg med meg eit bilete faren min malte av meg.

Kva brenn du for?
Mangfald, på alle plan!

Får du fort latterkrampe? Kan du hugse sist gong?
Eg fekk latterkrampe då eg tilfeldig kom over eit tv-program som heiter Lisenskontrolløren. Eg ante ikkje at det var så morosamt. Eg lo så høgt at eg hiksta og var mest ute av kroppen eit par sekund.

Du er med på 4-stjerners middag, kven er draumegjestane  dine (daude, levande eller fiktive karakterar) og kva for underhaldning vel du?
Oj, oj, oj. Eg trur eg går for ein førjulsmiddag heime hos meg sjølv med gjestane Anne frå Bjørkely og Roald Dahl! Vi kan snakke om kva som er viktig i livet! Eg skal fyre i omnen på førehand, for eg trur begge dei to hatar å fryse. Først vil eg spele litt roleg julemusikk, litt høgtideleg, og etterkvart vil eg sette på tango.

Kva står på menyen?
Middag: pinnekjøt, poteter, kålrotstappe og øl. Til dessert: sveler og is.
Sikker på at dei ville ha likt det.

 

Skrevet av evarekve den 3. desember 2018.