Hopp til innhold

– Drøymande og vakker musikk

Forfattar Gro Nilsdatter Røsth høyrde stadig om Karl Gustav Korsneset frå mora i tenåra. Men det var då sonen hennar byrja å spele fiolin, at ho for alvor vart interessert i musikken og historia hans.

No er det laga ei framsyning basert på boka «Spelemannen frå Korsneset» som har premiere på Litteraturhuset i Oslo laurdag 7. september. Folkemusikaren Thea Marie Ytterdal spelar slåttar etter Karl Gustav, og skodespelar Silje Breivik les utdrag frå boka. Bearbeiding av tekst og dramaturgi er ved skodespelar Line Starheimsæter.

Fotograf: Nikolaj Blegvad

– Før krigen tok far mor mi med seg til fjellgarden Korsneset i Tafjord for å vise ho staden der bestefar min vaks opp, fortel Røsth. Han var syskenbarnet til Karl Gustav. Alle mannfolka på garden spela på feler dei hadde bygd sjølv. Dei var meir interesserte i felespel enn i gardsdrift.

Rysta og imponert
Mor kom rysta og imponert tilbake. Rysta fordi denne intelligente og musikalske mannen gjekk oppe på den karrige fjellgarden og sleit. Imponert fordi Karl Gustav kunne snakke om alt og han spela vedunderleg på fela si. Sjølvlaga musikk alt saman. Han kunne til og med latin, noko som var imponerande for mor mi som sjølv gjekk på latinlinja på gymnaset. No fekk ho nokon å bryne seg på.

Sonen til Røsth byrja etter kvart å spele fiolin og han vart interessert i desse galne mannfolka på fjellgarden Korsneset. Slik kom ho i gang med det som til slutt blei boka «Spelemannen frå Korsneset».

Forelska i Karl Gustav i barnehagen
I forestillinga speler folkemusikar Thea Marie Ytterdal flatfele. – Det var faktisk ein av springarane etter Karl Gustav som gjorde at eg forelska meg i folkemusikken, seier Ytterdal. – Det skjedde allereie i barnehagen, då vi fekk besøk av ho som seinare vart felelæraren min.

For meg er Karl Gustav først og fremst ein viktig tradisjonsbærar for folkemusikken frå Norddal. Han er ein spelemann eg ser opp til, og som eg skulle ønske eg kunne få møte i levande live. No som eg også har lese historia hans, oppfattar eg han som engasjert, hjartegod og drøymande.

Musikken til Karl Gustav er drøymande og vakker, samtidig som at den har ein heilt spesiell råskap i seg. Kvar slått er som ei eiga lita historie som fortel om livet og alt det fører med seg. Historia til spelemannen Karl Gustav Korsnes er utruleg spennande og fin. Det samme gjeld musikken vi har etter han.