Å skrive lett om dei vanskelege vala

Intervju med Erna Osland.

Den rikt illustrerte ungdomsromanen Bestem deg, Tony T, bestem deg! er rykande fersk frå trykk – og har allereie fått god omtale. I historia møter lesaren Tony som er på sommarferie hos bestefaren. Kusina Silja er også der. Dei skjuler noko for Tony – ei jente på flukt. Kva gjer Tony? Hjelp han jenta? Eller går han til politiet? «Boka byr på ei rik lesaroppleving», skriv bokmeldaren i Vårt Land, og skildrar historia som dagsaktuell med fleire lag.

Gratulera med ny bok, Erna Osland! Korleis fekk du ideen til historia om Tony T?
Det starta med eit skrivekurs for innvandrarar i Førde. Deltakarane fortalde og skreiv mykje om korleis det var å komme til eit nytt land, til framande. Og eg tenkte: Ja, slik er forteljingane om å komme, men det finst også forteljingar om å ta imot.

Kvifor bygde du opp historia rundt Tony?
Tony har alderen til den målgruppa eg skriv om. Å kjenne seg att er godt når ein skal lese. Og han er ein klok gut som kan reflektere over det mange unge opplever i dag, dei utfordringane dei får med å vere dei som skal ta imot, gjere sitt beste, vere eit medmenneske.

Kvifor ønskja du deg ein rikt illustrert roman?
Temaet er vanskeleg, men med illustrasjon er vi to om formidlingsarbeidet. Og lesaren kan bruke heile seg under lesinga, både lesekunsten og gleda av kunst! Det er jo ekstraarbeid når tekst skal møte illustrasjon så tett på så mange sider. Ein må stadig spørje: Kva er allereie fortalt gjennom bilda? Men det har vore både morosamt og lærerikt å arbeide med ein så dyktig illustratør som Sigbjørn Lilleeng.

Kva er viktig for deg når lesaren skal møte tekstane dine? 
Eg tenkjer at skrivearbeidet mitt må gjere møtet mellom tekst og lesar så lite vanskeleg som råd. Eg vil utfordre tanken til lesaren min, vil at han skal bruke krefter og fantasi på det, i staden for å bruke all energi på å finne fram i lange, innfløkte setningar. Å lese gir deg jo høve til å tenke. Og å tenke er meir enn berre moro!

Kvifor er du oppteken av barn og unge som les i motvind?
Å lese er så viktig for meg at eg har hatt som mål i heile mitt vaksne liv å dele denne kunsten med andre, som lærar og som forfattar. Eg vil gi barn og unge ei handsrekking i det viktige arbeidet DEI gjer kvar dag med å orientere seg i den stadig meir krevjande verda. Og menneske på flukt, frå krig og klimaendringar, vil bli ei stadig større utfordring for oss alle. Stadig oftare vil bli minna om ikkje berre kor vanskeleg dei som får nei får det, men også kor vanskeleg det er å seie nei. For kva gjer eit slikt nei med oss som nektar menneske i stor naud, hjelp? Det er ikkje lett, verken for oss eller Tony å bestemme oss for kva som er rett å gjere.

Skrevet av idaend den 29. november 2017.