Leser Søker Bok Logo

Kva er tilrettelagde bøker?

Postkort Bare de enkle ordene står igjen

For å gjere bøker meir tilgjengelege, kan ein tilretteleggje tekst, bilete og formgiving. Her er ei forklaring på dei ulike visa bøker kan vere gjort tilgjengelege på.

Litt å lese: All tekst er meir eller mindre vanskeleg. Bøker med litt å lese formidlar bodskap på ein språkleg tilgjengeleg måte, utan at innhaldet er spesielt enkelt. Bøker med litt å lese tilpassar seg til dømes for uvande lesarar, folk med dysleksi, ADHD eller eit anna morsmål.

Ordval, setningsoppbygging, lengde og grafisk oppsett bestemmer kor enkel tekst boka har.
Når Leser søker bok støttar utvikling av bøker med Litt å lese, stiller vi strenge krav til alt dette. derfor vil bøker med vår logo ha garantert enkel tekst. På Boksøk.no gir Leser søker bok også råd om bøker som som har ganske enkelt språk og er korte, men som til dømes ikkje har eit godt lesbart oppsett.

Enkelt innhald: Bøker med enkelt innhald har ei handling og ein bodskap som er lett å få med seg. Dei passar for folk med utviklingshemming eller andre som treng kognitiv tilpassing. Bøker med enkelt innhald må samtidig vere språkleg og grafisk tilrettelagde for desse målgruppene.

Lyd: Med lydbøker får ein tilgang til litteratur utan å lese sjølv. Utvalet av lydbøker er stort, og dei er lette å få fatt i. Leser søker bok støttar berre lydbøker som også er tilrettelagd ved å ha enkel tekst eller enkelt innhald og lydkulissar som gjer det enklare å fylgje med i opplesinga.

Bilete: Dette er bøker som er gjort godt tilgjengelege ved hjelp av mange illustrasjonar. Det kan vere teikneseriar eller andre illustrerte bøker.
Storskrift: Bøker med storskrift har store fontar som gjer det enklare å lese bokstavane.

Punktskrift: Punktskrift gjer tekst tilgjengeleg for folk med synshemmingar.

Følebilete: Følebilete gjer det mogleg å oppleve illustrasjonane med fingrane.

Bliss og piktogram: Bliss og piktogram er to ulike slags symbolspråk. Symbola er lettare å lese for menneske som ikkje klarer å oppfatte og nytte vanlege bokstavar. 

Teiknspråk: Døve har rett til å ha teiknspråk som førstespråk. Teiknspråk er eit visuelt og gestuelt språk som har sin eigen grammatikk og syntaks. Sjølv om menneske med hørselshemming les vanlege bokstavar, er det viktig at dei også har tilgang til litteratur på teiknspråket.

Forsidebilde av boka Fortellingen om Liverpool


LESER SØKER BOK – LITTERATURHUSET – WERGELANDSVEIEN 29 – 0167 OSLO
TLF: 22 54 75 00 – POST@LESERSOKERBOK.NO