- Huitfeldt syner ei klar og modig retning i litteraturpolitikken, seier Anne Marit Godal, dagleg leiar i Leser søker bok. - Målet vårt er eit kulturelt demokrati, der alle kan ta del i litteraturen. Det er lett å proklamere, men i praksis betyr det å utfordre ei rekkje både litterære, organisatoriske og kulturpolitiske konvensjonar. No er det viktig at institusjonane som har makt våger å tenkje nye tankar om kva ein kan og ikkje kan i Leseåret.
Anniken Huitfeldt sa i Dagsavisen at Leseåret 2010 skal ha vaksne med lesevanskar som viktigaste målgruppe. Partene i arbeidslivet har satt i gang flere prosjekter som handler om leseferdigheter, men kulturlivet må også fokusere på dette. Det handler også om hvordan bibliotekene kan gjøre seg tilgjengelige, mener Anniken Huitfeldt. (Les resten her.)
I Leseåret 2010 vil Leser søker bok og 7 fagforbund i LO samarbeide. Fagorganiserte skal få tilbod om noko nytt å lese - bøker som er enkle å plukke opp og vanskelege å leggje frå seg. Leser søker bok er i ferd med å lage ein serie bøker som er gode, men korte og med eit tilgjengeleg språk. Målet er at uvande lesarar skal like å lese ei heil bok. Og bøkene skal dei få utdelt gratis på eit Bok til alle-bibliotek, med bibliotekarar som forstår kva det vil seie å vere uvand med å lese - og som veit kva bøker som kan passe!
Ved inngangen til Leseåret 2010 finst det heile 190 bibliotek som har avtalar med Leser søker bok om å ha Bok til alle. Dei neste månadane vil alle bibliotek bli inviterte til å vere med i Bok til alle-nettverket. Både LO sentralt og dei sju fagforbunda vil arbeide for å få medlemane sine både til å hente gratisbøkene og å låne frå boktilbodet på Bok til alle-biblioteka. No arbeider Leser søker bok med å førebu biblioteka på korleis ein kan samarbeide med fagrørsla for at fleire skal erfare at det finst god litteratur med litt å lese!
Prosjektet vil koste om lag 4 millionar. Leser søker bok har fått ein startkapital på ein million kroner til prosjektet rett frå Kulturdepartemenetet. ABM-utvikling skal fordele ytterlegare 6 millionar, og Leser søker bok søkjer om å få nokre av desse.